Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pelsdyrprosessen – kva no?

Ikkje folkekrav: Å avvikle pelsdyrhaldet. Foto: Alf Ove Hansen / NTB Scanpix

Då det på Jeløya kom inn ei formulering om at norsk pelsdyrhald skal avviklast, var ikkje dette eit folkekrav. Det var eit resultat av smart mediebruk frå aktivistar i dyrevernorganisasjonar, noko eit pressa Venstre har hengt seg på i von om å lyfte seg ein tidel eller to på gallupen.

Her er sirkelargumentasjonen i gang: Aktivistane fører an mot pelsdyr, støttar seg på «kontorveterinærar» i Oslo, men mindre på veterinærar som i mange år har vore ute på gardane; arrangerer selektivt spekulative filminnslag, som fjernsynet får tilbod om, slepper dei gjennom, med påfølgjande kjensleutbrot blant sjåarane landet rundt. Fy-fy! Urbane avisredaksjonar hiv seg på denne «opinionen» med skråsikre leiarartiklar. Sjølve har dei snautt drivi oppsøkjande journalistikk, men nøyer seg med utsøkte sitat og avskrifter frå dei profesjonelle aktivistane.

Resultat: Negativ stemning i store grupper av folket som aldri har sett foten i ein pelsdyrgard. Aktivistane jublar: Gallup er «bevis for demokratisk flertall», og «politikerne bør nå – som folket – kreve nedlegging», osv., osv.

Takk til Senterpartiet (og snart KrF?) som ser realitetane i dette opptrekkeriet, og som kritiserer Høgre og Frp for at dei er med Venstre og bryt ned prinsippet om næringsfridom i landet, slik § 101 i Grunnlova føreskriv. Det er heller ikkje imponerande av Ap å hekte seg på den emosjonskarusellen som er sett i sving, særleg etter at statsråd Gunhild Øyangen (A) bad om satsing på pelsdyrnæringa, følgt av store investeringar i mange år, og for gardeigarane ei positiv og løfterik handsaming av næringa som Stortinget gjennomførte så seint som i 2016.

Men brått i 2018: Pelsdyrhald skal bort innan 2025, og det heiter no at eigarane skal få kompensasjon for tap av investering og drift, pluss dugeleg med midlar til omstilling.

Som samfunnsborgar og skattebetalar må ein spørja: Kva er det for krefter som er i gang når ei lønsam næring med fleire hundretals millionar kroner i årlege eksportinntekter til landet vårt skal tvingast til å leggja ned, og skal bli omgjort til milliardsummar på utgiftssida i statsbudsjettet?

Annonse

Kva blir det neste? Husdyr er fæle greier; dei blir gjerda inne. Dessutan er det forkasteleg å eta fisk, fugl og kjøt. Jakt må bort. Dyrehald er umoralsk. Og: Det er skrekkeleg kor trongt fisken lever i oppdrettsanlegga. Han er ikkje fri. For ikkje å tala om det triste tilværet til dei millionar av kyllingar som lever på betonggolv. Slutt med alt dette!

Dyrevelferd er bra, og den vert stadig betre. Useriøse eigarar i alt landbruk driv seg sjølve ut av business. Slik sett går det rette vegen.

Men det har vel aldri vore aktuelt i kongeriket at styresmaktene skal ha som politisk mål å livet av godt opparbeidde og lønsame arbeidsplassar i Distrikts-Noreg?

Det er enno ikkje for seint å tenkje seg om.

Neste artikkel

Dyrelivet truet etter australsk storflom