Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Om reinen i Nordfjella

Skrantesjuke: For å hindre smitte skal villreinstamma i Nordfjella skytast. Foto: Arne Nyaas
Skrantesjuke: For å hindre smitte skal villreinstamma i Nordfjella skytast. Foto: Arne Nyaas

Olav Grøttebø frå Lærdal har fleire spørsmål i sitt innlegg i Nationen 2. november «Resignasjon på vegner av Nordfjella-reinen». Fleire av spørsmåla er Veterinærinstituttet ikkje rette instans til å svare på, men vi set pris på kritiske synspunkt og spørsmål til etablert kunnskap. Det vi ikkje liker, er unødige påstandar om å omgå sanninga eller å bli tillagt utsegn som ikkje stemmer.

Veterinærinstituttet er ein av fleire offentlege instansar som bidreg i kampen mot skrantesjuke. Rolla til instituttet er knytt til beredskap og overvaking av skrantesjuke og som kunnskapsleverandør til styremakter og andre. Instituttet er òg nasjonalt referanselaboratorium for CWD-diagnostikk og andre prionsjukdomar. Vårt arbeid omfattar oppgåver som metodeutvikling for påvising, smittespreiing og risikohandtering av smitta materiale, karakterisering av sjukdomen på ulike arter hjortedyr saman med generelt arbeid innan vilthelse og dyrevelferd.

Les også: 49 villrein felt i løpet av en snau uke med statlig jakt

Til Grøttebø kan vi forsikre at instituttet er opne om kva metodar vi nyttar. Like fullt kan det vere vanskeleg å svare på mange spørsmål dersom vi ikkje er kjend med kva spørsmålet bygger på.

Grøttebø skriv «Etter det eg har fått opplyst, har Veterinærinstituttet funnet at det er minst to genotypar rein i Nordfjella, der den eine er meir mottakeleg for smitte enn andre». Dette utsegnet er vi ikkje kjend med. Det vi kan seie er at det er genetisk variasjon hos norsk hjortevilt, men det er ukjend om nokre av desse genotypane har noko å seie for kor mottakeleg dyr er for skrantesjuke og deira evne til å utvikle sjukdomen. Veterinærinstituttet i samarbeid med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forskar for å få meir kunnskap om slike spørsmål knytt til genetisk variasjon.

Annonse

Veterinærinstituttet har etter 126 år i teneste for det norske samfunnet god kunnskap om smitteavgrensing, dyresjukdomar og -velferd, vilthelse og populasjonsmedisin. Det er viktig å hugse at kampen mot skrantesjuke ikkje handlar om sjuke dyr, men om å sanere skadeleg smitte. Som i all smittehindring kan ingen vere sikre på å lukkast.

Les også: Nedslakting av villrein i Nordfjella i gang

Det vi er veit er at det er verd å avgrense smitten og at kampen mot smitten må starte der ein finn den. For å samanlikne får kreftpasientar gjerne råd om operasjon om det er håp om å stogge kreften - sjølv om ingen veit sikkert om kreften har spreidd seg vidare eller ikkje.

På Veterinærinstituttet har vi – som truleg mange som er opptekne av denne saka – eit inderleg håp om at vi i Noreg lukkast i å stogge smitten og å kunne behalde Nordfjella som villreinområde òg i framtida. Å gje opp, vil vere å gje opp tanken om friske viltbestander.

Neste artikkel

Den ene setra i Vesllie på Dovrefjell er revet