Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura og miljøeggprodusentane

Meiner Nortura at høner i miljøinnreiingar, har dårlegare dyrevelferd enn frittgåande?

Bur: Høner i miljøinnredede bur. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Syner til Nationens framside og artikkel inne i avisa mandag 10. september om Nortura og eggprodusentane.

Har følgjande opne spørsmål/synspunkt til saka: Er miljøeggprodusentane ein klamp om foten for Nortura?

Det er verkelege eit oppsiktsvekkande oppslag i Nationen 10.9. Av framsida og artikkelen inne i avisa, ser det ut for at Nortura leikar med tanken om å undergrava legimiteten til miljøeggprodusentane, til fordel for matvarekjedene.

Før eg får bekrefta at dette er rett referert i avisa, nektar eg for at dette er sant!

For det som verkeleg står i avisa, er at det er Nortura som har pressa/tilbode Orkla å berre levera egg frå frittgåande. Samt at det er «markedet» og dyrevernorganisasjonar som har vore/er premissleverandørane.

Annonse

Ut frå slike utspel er det full grunn for å spørja: På kva side står Nortura i grunnen? Er dei no heilt i lomma på dei store matvarekjedene? Og – kvar er bøndene/produsentane i det me framleis kallar produsentstyrte samvirkeorganisasjonar?

Mine synspunkt/spørsmål til Nortura er følgjande: Meiner Nortura at egg frå miljøinnreiingar er av ein dårlegare kvalitet enn frittgåande?

Meiner Nortura at høner i miljøinnreiingar, har dårlegare dyrevelferd enn frittgåande?

Om svaret på sp.1 og 2 er nei: Kva tid skal Nortura «bretta opp armane» og reklamera for miljøegga/sine mange føremoner ift.frittgåande? For eksempel ved å promotera miljøegga saman med Coop som prisverdig enno held stand?

Har verkeleg nokon frå Nortura uttalt at dei «kvittar seg med egg frå burhøns innan 2024»? Det dei då inndirekte bed om, er å sleppa vera markedsregulator lenger for egg. For som slik har ein mottaksplikt!

Miljøeggprodusentane følgjer godt med – så eg reknar med at Nortura kan svara nokså raskt i avisa.

Neste artikkel

Nortura: «Normal» import av lam fører ikkje automatisk til høgare lammepris