Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når stortingsrepresentantar blir banale

Professor Dag Jørund Lønning meiner Høgres stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsens driv med «tåpeleg kjekkaseri». Foto: Mariann Tvete
Professor Dag Jørund Lønning meiner Høgres stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsens driv med «tåpeleg kjekkaseri». Foto: Mariann Tvete

Stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen, tidlegare fylkesordførar i småbrukarfylket Hordaland, har ei veldig landbrukspolitisk utblåsing i Nationen 30. november.

Han skuldar meg for å produsera «myter» når eg skriv i Jordboka at små bruk kan vera svært effektive, og at små bønder kanskje produserer så mykje som 70 prosent av maten i verda. Påstanden er tatt ut av lause lufta, hevdar Nilsen. Han held fram med å påstå (på kva grunnlag er høgst uklart) at det er «umulig å finne noe som helst dokumentasjon på dette».

For verkeleg å «briljera» (eller rettare hovera), spør Nilsen ironisk om eg hadde slept påstanden gjennom i ei eksamensoppgåve.

Snakk om å skyta seg sjølv i foten. Når eg les det Nilsen får seg til å skriva, og det gjeld både innhald og form, blir eg freista til å spørja om Høgre har latt medierådgivarar og lesarinnleggkontrollørar få tidleg julefri? For dette står definitivt til stryk.

Hadde Nilsen (som skuldar meg for ikkje å ha kjelder) teke seg bryet med å slå opp i Jordboka der dei aktuelle tala er presenterte, ville han funne ein note. Noten har referanse til ein stor FAO-rapport (FAO er verda sin matvareorganisasjon det, Nilsen!) med tittel «Coping with the food and agriculture challenge: smallholders’ agenda». For her står nemleg tala han påstår er «tatt ut av løse luften»: Storgardane i verda kontrollerer 70 prosent av landbruksareala, men produserer berre 30 prosent av maten, skriv FAO i denne publikasjonen.

Annonse

FAO har og andre publikasjonar som viser liknande tal. Organisasjonen GRAIN har elles synt det same i sine rapportar. Velrenommerte ETC Group la så seint som i oktober i år fram ein rapport som viser at industrilandbruket i verda står for 80 prosent av landbruket sine fossile utslepp, brukar 70 prosent av vatnet, men berre produserer 30 prosent av maten.

Men kanskje Nilsen meiner at også FAO, GRAIN og ETC berre driv med «mytespreiing, bløff og tomt snakk»?

Det Nilsen held på med i Nationen 30. november er tåpeleg kjekkaseri kombinert med personangrep. Debatteknikken hans er flåsete og banal, skuldingane han kjem med på grensa til å vera sjikanerande, og det faglege innhaldet i lesarinnlegget han presterer er pinleg svakt. Slikt lågmål burde ein folkevalt rett og slett halda seg for god til.

Neste artikkel

Turgåere lukket ikke porten til beitet – to kyr ramlet i gammel brønn