Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Myten om billig kraft

Kraft: Vi eksporterer ikkje dyrt, men billeg skriv innsendaren. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
Kraft: Vi eksporterer ikkje dyrt, men billeg skriv innsendaren. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Påstanden om at vi har billig kraft har blitt ein myte, men om ei løgn blir gjenteken mange nok gonger så blir den til slutt trudd på. I 1991 betalte eg 30 øre for kraft, og nettleige som då var om lag 600 kroner i tilkoplingsavgift og 3,85 øre for elavgift. No betaler eg litt under det firedobbelte.

Forklaring på dette fann eg i 2008 då Teknisk Ukeblad gav ut ei energiutgåve av bladet. Der stod det eit stolpediagram som synte kva kommunane og fylka hadde selt seg ut av i næringa. Samanlagd utgjorde dette den svimlande sum på 211 milliardar kroner. Frp og Høgre gjekk i spissen for denne utselgjinga. Til dømes i Trondheim, der dei mot stemmene frå dei andre partia, tok ut fem milliardar.

Næringa auka i verdi frå 300 til 350 mrd. SSB har totalrekneskap for kraftnæringa slik dei har det for jordbruket. Statistikken er lett å finne. Verdien av nettet er like stor som verdien av kraftanlegga. Sidan nettleiga har stege mest i Sogn og Fjordane, så er det fordi mange av kommunane har sete på kraftselskapa som ein bank, og bygd idrettshallar og kulturhus som til dømes Os kommune har gjort.

Nettet blei gjeve ei avkastning på fire prosent i energilova av 1991, og der foregår også det meste av arbeidet som då sjølvsagt gjev prisauke i takt med inflasjonen, men totalt er det kapitalsida som bestemmer mest både for kraft og nett.

Gjelda blei det dobbelte frå 1990 til 2000 frå 50 til 100 mrd. Ein god del av utkjøpet blei såleis betalt med årlege overskot. Når så åra går og gjelda går ned att som no, så skulle prisane gå kraftig ned. Det eine selskapet etter det andre blir skipa får å skumme fløyten av dei høge kraftprisane.

Annonse

Norgeskraft er basert på kjøp og sal. Eigaren av selskapet, som Finansavisen skreiv om tidlegare i vinter, skulle på børs med ein verdi på 1,8 milliardar kroner. Aker Energi blir etablert med same føremål, også det ifølgje Finansavisen. Billeg kraft frå Statkraft og dyrare ut til sluttbrukar.

Det blir framstilt slik at vi eksporterer dyrt og importerer billeg. Nye tal frå SSB viser det stikk motsette; 22 øre for eksport og 40 øre for import. Import skjer til grensefylka, som trass i dyr kraft sparer det inn att med kortare transport og nettleige. Eksporten har heile tida vore eit middel på å skape mangel og høgare prisar i Norge.

Litt om Acer til slutt. Det er no fleirtal for energiunionen på Stortinget. Ap har berre ein dag i året dei ikkje diltar etter Høgre – 1. mai må vite. Det same kan det vere. Denne regjeringa ville glatt oppført seg som om vi var med likevel. Bergens Tidende hadde for kort tid sidan ein god reportasje om vindkraft. München energi vil eige ein vindpark i Sogn og Fjordane. Nettet skal Per og Pål her i landet, eller sjøkabelen, betale for.

Neste artikkel

Stortingspresidenten trekker seg etter pendlerboligsaken