Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg i verdstoppen i ost

Me har alltid høyrt at det er i Frankrike me fær dei gode ostane, og Noreg har ingenting å stille med.

Det har nyleg vore verdsmeisterskap i Bergen i osteproduksjon. Der var det over 3000 ostar som vart dømde av 250 domarar frå heile verda. Av di osten Kraftkar frå Tingvoll gjekk heilt til topps i denne konkurransen i fjor, fekk Bergen æra av å arrangere meisterskapen i år. Og her vart det verkeleg fart på premiane til Noreg!

Kven skulle tru det? Me har alltid høyrt at det er i Frankrike me fær dei gode ostane, og Noreg har ingenting å stille med; Brun geitost? Det er ikkje ost eingong, men grisemat. Mysa som vi nyttar til mysost, blir nytta til grisefôr i landa lenger sør. No har tre slike fått sylv og ein gull. Til og med to frå Telemark; Barbro Stordalen frå Tinn og Gro Hommo frå Vinje.

I tillegg har osteguruen, franske Pascal Baudonnel frå Undredal, fått gull for sin brune geitost.

Eg har fylgt denne småskala osteproduksjonen over tid. Det starta på 1990-talet då Pascal tok opp kampen mot myndigheitene for å få lov til å yste av upasteurisert mjølk. Det var strengt forbode, men ho meinte at det ikkje gjekk an å få fram gode ostar med pasteurisert mjølk. Ho hadde god erfaring frå Frankrike, og i tillegg reiste ho rundt og intervjua budeier her i landet. Etter mange års hard kamp har ho nådd fram, og det er det me ser resultatet av no. Me er verkeleg henne stor takk skuldig!

Annonse

Då eg spurde Bodil Nordjore om kva domarane kunne tenkje seg var grunnen til at Noreg kom så høgt opp hadde dei svara hadde alle land hatt like god mjølkekvalitet som Noreg, hadde det blive berre premieostar!

Me veit også at Noreg ligg heilt på topp i verda når det gjeld lite antibiotikabruk. Og når me ser på statistikkar for andre lands forbruk av dette er det formidabel forskjell!

Eg er stolt av det Noreg står for på dette området. Men samstundes er eg bekymra for at myndigheitene ikkje passar godt nok på og slepper både fôr og dyr inn i landet utan streng kontroll. Kvaliteten vår er det ikkje råd å prise og verdsetje høgt nok.

Ein glipp her kan øydeleggje alt, og då er det for seint å diskutere kva ein skulle gjort annleis.

Denne kvaliteten er det norske bønder som har bygt opp, og det burde landbruksministeren vera den fyrste til å syte for at blir passa på. Me vil framleis vera stolte av mjølka og den strenge antibiotika-bruken vår.

Så alle norske ostefolk: Spør etter norsk ost, den er best i verda!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Svinepest og risiko for human smitte