Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lars Petter Bartnes og sauen

Modell: Bondelaget sin modell for endring i lammetilskotet har gitt tap for dei som sluttar i næringa. Foto: Siri Juell Rasmussen
Modell: Bondelaget sin modell for endring i lammetilskotet har gitt tap for dei som sluttar i næringa. Foto: Siri Juell Rasmussen

Leiaren i Bondelaget Lars Petter Bartnes vart intervjua i Nationen 21. oktober om overproduksjon i sauehaldet. Der kjem han med kritikk av matminister Jon Georg Dale for at han ikkje stoppar støtta til investeringar til sauehald.

Eg vil minne om at i 2015 vart Bondelaget og staten einige om ei omlegging av utbetalinga av lammetilskotet. Dette skapte stor debatt og uro i sauenæringa. Forslaget gjekk i kortheit ut på at tilskotet til lammeslakt skulle betalast ut på slaktet fortløpande. Konsekvensen av denne omlegginga vart at alle som reduserte eller slutta med sau taper 500 kroner per lam siste driftsår.

Eg engasjerte meg sterkt i denne saka og kom med forslag til løysing slik at rett og rettferdigheit vart gjeldande (lik betaling for likt produkt). Den såkalla «Tjålands-modellen» vart foreslegen våren 2016. Denne fekk full støtte frå Norsk Sau og Geit og Norsk Bonde og Småbrukarlag. Men Bondelaget med Bartnes i spissen gjekk steilt i mot, og grunngav det i Nationen 27. april i fjor med at Bondelaget har «prioritert dei som går inn i næringa og ønsker å utvida produksjonen».

På spørsmål frå journalisten om det er ønskeleg med ordningar stimulerer til nyetablering når det er overproduksjon, svarar Bartnes at «Marknaden og salet svingar over tid».

Etter det intervjuet er det nok ikkje nokon som var i tvil at Bartnes ønsker å stimulere til nyetablering og auka produksjon. Den ekstra gevinsten han ville gje til desse er tapt mange gonger på grunn av overproduksjon. Det var i fjor, i år kritiserer han Dale for at han har følgt opp Bondelagets prioriteringar frå i fjor. Dette heng ikkje på «greip», Bartnes. Eg tykkjer ordtaket «å møte seg sjølv i døra» passar godt her.

Annonse

I andre produksjonar med overproduksjon i periodar, har som regel «medisinen» vore å stimulera til redusert produksjon og gjera det vanskeleg å auka. I sauenæringa gjorde Bondelaget det motsette. Eg er ikkje i tvil om at Bondelaget sine prioriteringar har påført alle sauebøndene, både gamle og nye, unødvendige store tap.

Det er nok like vanskeleg for Dale å gå tilbake på noko som han ser er feil, som det var for Bondelaget i lammetilskotsaka.

Det vert nok vanskeleg å få seld meir sau og lam til dei prisane me hadde i 2015. Skal sauenæringa koma i balanse og verta lønnsam igjen, må nokon redusera eller slutta med sau. Etter Tjålands-modellen ville desse fått fullt tilskot utbetalt i 2017 for lam i 2016 og fått 532 kroner per lam utbetalt i februar 2018, for lam i 2017. Nogjeldande avtale, «Bartnes-modellen», betaler ut 532 kroner på slakt i 2017 og kr 0 i februar 2018. Forskjellen er ganske stor. Dette er takka frå Bondelaget for at nokon bidreg til betre balanse.

Neste artikkel

Kraftig vekst i kjøttlagera: Nortura fryktar ny trend