Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Innspel til jordbrukstingingane

Matproduksjon: Verdien av å ta vare på kulturlandskapet må visa att i premiering av landbruk i vanskeleg terreng, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Matproduksjon: Verdien av å ta vare på kulturlandskapet må visa att i premiering av landbruk i vanskeleg terreng, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Når status for 2017 no skal gjerast opp, viser det seg at medan lønsmottakarar flest opplevde reallønsauke i året som gjekk, hadde bøndene nedgang i inntekta. Vidare opplever me at det vert skapa forventningar om vidare reallønsauke for dei fleste lønsmottakarar.

Ulvik Bonde- og småbrukarlag forventar at politikarane held fast ved målsetjinga om inntektsutjamning, og at dette skjer ved større kronetillegg enn gjennomsnittet, og at me slepp å høyra politikarpjatt om prosenttillegg.

Det er samstundes viktig å streka under at den auka lønsemda skal oppfyllast ved å gjennomføra ein landbrukspolitikk som tek omsyn til ei berekraftig utvikling.

Dette kan berre skje ved at norske ressursar i størst mogeleg grad er grunnlaget for norsk matproduksjon, og ikkje slik stoda er no med ein stadig auka kraftfôrimport. Dersom distriktslandbruket skal oppretthaldast, kan me ikkje lata billeg kraftfôr konkurrera ut norske ressursar som gras og beite.

Verdien av å ta vare på kulturlandskapet må visa att i premiering av landbruk i vanskeleg terreng, bruk av beiteressursar, innhausting av grovfor og høve til å få investeringsmidlar for små bruk. Norsk kornproduksjon må stimulerast. Vidare vil me ha tak på overføringane og fjerna botntrekket.

Annonse

Når nye regionar no vert oppretta, vil det vera føremålstenleg å lata desse forvalta ein større del av overføringane til landbruket. På dette viset kan dei ulike regionane meisla ut ein landbrukspolitikk som tek utgangspunkt i dei ulike regionane sine særtrekk.

Overproduksjon av lam/sauekjøt er ei utfordring. Dette heng i stor grad saman med ein landbrukspolitikk som stimulerer kraftfôrimport, og nedprioriterer eigne ressursar.

Det er likevel grunn til å sjå på om det gjeng an å koma fram til ei ordning der marknadsregulator vert premiert for å selja kjøt framfor å ha kjøt på lager. Her trengst ein dugnad som involverer marknadsregulator, kjedene, private slakteri og faglaga i landbruket.

Neste artikkel

Helsen til hjortevilt betyr mye for meg og deg