Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre skyt seg sjølv i foten!

Ulv: Regjeringa og Stortinget burde kooridert med kvarandre på førehand. Foto: Per Løchen / NTB Scanpix.
Ulv: Regjeringa og Stortinget burde kooridert med kvarandre på førehand. Foto: Per Løchen / NTB Scanpix.

Det er alvorleg for regjeringspartiet Høgre når enkelte i partiet går ut og kritiserer partiets eigen miljøminister. Enda verre er det når nokre av Vidar Helgesens partifellar bed statsministeren om å bytte han ut med ein annan miljøstatsråd, som om det ville hjelpe.

Ein ny høgrepolitikar i Helgesens stol ville truleg gå inn på Helgesens line i ulvesaka. Kandidatar i Høgre med eit anna syn ville truleg statsministeren finne lite eigna som klimaets og miljøets vaktar i regjeringa.

Om Helgesen hadde lagt seg på ei anna line i ulvesaka, ved å opne for det uttaket som rovviltnemnda foreslo, ville eit anna hylekor kome på banen og anklaga miljøstatsråden for å bryte naturmangfaldlova som Stortinget har vedtatt, og Bernkonvensjonen som det same Stortinget har slutta seg til. Fagjuristar seier at denne lova og konvensjonen er overordna eit ulveforlik og eit vedtak i den regionale rovviltnemnda.

Annonse

Dilemmaet er når alt dette ikkje er koordinert med kvarandre på eit tidlegare stadium, noko både Regjering og Storting for lengst burde vore klar over, og at dette kunne skape uvisse og uheldige situasjonar, som nå tydeleg kjem til syne i ulvesaka.

Neste artikkel

Erna Solberg om rikingflukt: – Synes ikke synd på dem