Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har Terje Halleland sett lyset?

Me treng nulltoleranse for all bygging på matjord, utanom kritisk infrastruktur.

Terje Halleland skriv eit innlegg i Nationen 24. oktober, der han visstnok har «sett lyset» vedrørande jordvern.

Det er ikkje vanskeleg å vera einig i fyrste del av innlegget, der han viser til at jordvern er viktig i festtalar, men som oftast vert ofra til fordel for utbyggingsprosjekt når det kjem til stykket. Dette ser dessverre ut til å gjelda same kva slag parti som styrer i kommunen.

Men løysinga han presenterer, kan få nokså vidtrekkjande konsekvensar. Viss me held oss til Rogaland som eksempel, er det store innbyrdes forskjellar. Mykje av jorda på Jæren er eigna til både korndyrking og grønsakproduksjon, medan mesteparten av jorda elles i fylket eignar seg best til grasdyrking.

Annonse

Ved å dyrka opp jord i Bjerkreim eller Vindafjord som erstatning for jorda i Stavanger, som Halleland føreslår, vil ein altså sitja att med mykje dårlegare jord, som ikkje kan gje same avling. Det høyrer også med i dette biletet at den beste jorda som regel er oppdyrka allereie, så all erstatningsjord vil vera dårlegare enn den gamle kulturjorda rundt tettstadene.

Som me alle veit, er det eit enormt press for utbygging rundt byar og tettstader på Jæren. Ser ein det heile i eit 100–200 -års perspektiv, vil heile Jæren vera nedbygd. Så vil ein kunna sjå mange nye dyrkingsområde mellom knausar og fjell elles i fylket, stadig høgare over havet.

Rogaland og Noreg fortener ein betre skjebne enn det!

Det me treng, er nulltoleranse for all bygging på matjord, utanom kritisk infrastruktur. Staten må ha det siste ordet her. Me har sett alt for mange eksempel på at lokalpolitikarane ikkje greier å stå i mot presset frå utbyggingskreftene.

Neste artikkel

Stopp sentraliseringa