Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gjev oljeutvinning reelle inntekter?

Vi brukar opp oljen i for stort tempo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Olje er eit fossil. Han er lagra gjennom mange år. For å lage eit einfelt og rimeleg sant bilete, kan vi seia at oljen er lagra over ein periode på 200 millionar år.

Vi brukar han opp over eit tidsrom på om lag 200 år. Skulle vi tappe olje utan å tære på lageret, skulle vi med andre ord ha teke ut 1:1.000.000 av det som er utvinningstempoet i dag. Det vi driv med er med andre ord praktisk tala ei rein lagertøming.

Butikkar har lager av varer dei sel. Om det blir teke ut ei pakke mjøl frå butikklageret, blir dette registrert i rekneskapen som eit tap. Det er differansen mellom det som det kostar å erstatte lagertapet og det som vi fekk i betaling for lagervara som er vår inntekt. Når vi tappar ut olje figurerer oljen på lageret med den eksakte verdien = 0. Vi tømmer lageret utan å bokføre tømminga som tap.

Alt kolstoffet som er lagra i form av gas, olje, kol, myr, karbonatar og mat til menneske i form av ymse slags organisk materiale er teke ut av lufta ved fotosyntese. Olje, kol og gas er del av biosfæren. Såleis er det mogleg å sjå for seg ei erstatning. Den er avgrensa til det som dei grøne vekstane kan taka opp.

No lever vi i eit tid med stigande temperatur på jorda. Det har å gjera med at vi har brent fossilt og dyrka jorda slik at det har gått meir CO2 opp i lufta enn det plantene alt i alt tek ut. Skogane våre har stor kapasitet til å ta CO2 ut av lufta, men dei har ikkje halde tritt med forbrenninga. Fremste oppgåva deira no er å auke mengda av bunde CO2 slik at vi får ei utvikling av klimaet på jorda som er til å liva med.

Såleis er det berre ein (liten) del av det som skogen tek opp som kan nyttast til erstatning for olje. Å dyrke jorda slik at jordsmonnet på nytt får eit auka innhald av CO2 vil også bli eit viktig verkemiddel i klimakampen.

Annonse

På same måten som det kostar å erstatte mjølposen som vart teken ut av lageret på butikken, vil det koste å ta CO2 ut av lufta og byggje opp nye lager til erstatning for dei tømde. Det er ingen veg utanom.

Denne enkle modellen gjeld så lenge som produksjonsgrunnlaget er i orden. Så lenge jordbruket fungerer er det mogleg å erstatte mjølet. Mjølet representerer livsopphald. Det er eint sant uttrykk for ein økonomi som er i balanse med dei biologiske rammevilkåra vi lever under. Når jorda er bygd ned eller på annan måte blir uproduktiv let ikkje mjølposen seg erstatte. Då går vi mot krise.

Det blir ei viktig oppgåve for økonomane å utvikle system som gjer at den reelle økonomien blir synleg. Å bygge opp lager er inntekt! Sparing gjev pluss i rekneskapen. Forbruk som nyttar reell avkastning er inntekt. Forbruk som gjer at vi brukar opp er tap.

I dag er forbruk eit mål for velstand anten vi byggjer forbruket på avkastning eller på lagertømming. Forbrukarsamfunnet blendar oss. Korleis skal vi styre opplysninga slik at vi alle ser klart?

Neste artikkel

OPEC og Russland enige om kutt i oljeproduksjonen