Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frisk luft og friluftsliv er viktig for folk

Praktiserer byfolk friluftsliv som kompanserande faktor?

«Byfolk saknar frisk luft» er overskrifta i ei pressemelding som saksoppslag i NPK. Saka gjeld Lokalsamfunnsundersøkinga for ei tid sidan som Norsk senter for bygdeforsking la fram, det såkalla Bygdebarometeret. Undersøkinga gjekk ut på å måle kor nøgde folk i bygd og by var med ei rekkje vesentlege forhold der dei bur, og der svara blir gradert på ein skala frå 1 til 7 (best).

At luftkvaliteten der folk bur er viktig er ikkje overraskande, og at denne parameteren er den byfolk er mest misnøgde med er heller inga overrasking. Det betyr at me i distrikta som ønskjer tilflytting til kommunen må bli flinkare til å målbere denne helse- og trivselsmessig viktige kvaliteten ved å bu i bygda, samanlikna med i byen.

Annonse

Eit anna gledeleg signal frå undersøkinga til oss som er opptekne av friluftsliv som helse- og trivselsfremjande opplevings- og livskvalitetsaktivitet er at både bygdefolket og byfolket gir moglegheita til å drive med friluftsliv høgaste karakter.

Det vil seie at dei verdset dette forholdet høgast av alle andre etterspurde forhold, nemleg tett opp mot toppskåring som er 7. Det andre gledelege tyder på at moglegheita for å drive friluftsliv er gode både i bygd og by, sjølv om ein kunne tru at skilnaden hadde vore der, når ein veit at på bygda har ein naturen rett utanfor stovedøra.

Årsaka på likskapen mellom bygd og by i vektlegginga av dette forholdet, kan vera at byfolk praktiserer friluftsliv meir som kompenserande faktor for andre kvalitetsmessige dårlege forhold enn på bygda.

Neste artikkel

Vi tar vare på naturen