Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Feilslått skattepolitikk

Forsvarar skatteforlik: Olaug Bollestad, KrF. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Forsvarar skatteforlik: Olaug Bollestad, KrF. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Olaug Bollestad forsvarar skatteforliket mellom høgrepartia på Stortinget, der ho også kjem med eit forsvar for avgiftene på sjokolade og sukkerhaldige varer som det er vanskeleg å vera usamd i. Men so har ho eit angrep på dei skadelege skattane for verdiskaping – skattane på overskot i bedriftene og inntekta til arbeidstakarane. Kva er det ikkje skattar er skadeleg for når ein er retorisk nok?

Skattar er til for å dekka staten sine utgifter! Desto meir sivilisert eit samfunn vert, jo høgare må skattane vera. Eg kan nemna i fleng utgifter som kvar einskild familie tok seg av før, men som i dag vert utført og betalt av staten: Fødselsklinikkar, barnehage, skule, universitet, arbeidsløysetrygd, uføretrygd, attføringspengar og alderstrygd.

Det som har hendt dei seinaste tider er at mykje av det som før vart betalt med skattar av inntektene til folk no vert betalt med avgifter. No er skattane vorten skadelege for verdiskapinga, difor må me ha fleire avgifter for å dekka skatteletten til dei rike. Momsen er den største avgifta, men i tillegg har me ei mengd andre avgifter på til dømes diesel, bensin, elkraft, sukker, eigedomsavgift og formuesavgift, for å nemna nokre.

Skattane kan brukast til, og skal brukast til, å utjamna inntektsskilnader. Avgiftene er flate og rammar alle likt. Avgiftene skapar skilnader i levekåra til folk. Skattane kan og skal skapa utjamning. Den største skaden skattelettene, som har vorte gjeve dei seinare åra, er auka ulikskap.

Annonse

• Les også: Avgiftene på sukker treffer i hovedsak varer som helsemyndighetene vil at vi som forbrukere skal spise og drikke mindre av, skriver KrFs Olaug Bollestad.

Eg trudde KrF forstod den skilnaden. Men der trur eg feil. Hadde eg fått bestemt, so skulle alle overskot og inntekter over ein million vore skattlagd med 80 prosent. Det var ingen som hadde lidd noko naud av det. Men det er mange som lid naud av den skatte- og avgiftspolitikken som vert ført i dag.

Neste artikkel

Hun må utvide den politiske menigheten