Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utan forhandlingsrett

- EUs matvaretilgang er ikkje i fare. Å skremme europearar til å tru at det kan bli tomt for mat er utruleg kynisk.

Skapte storm på Twitter: EUs visepresident og berekraftansvarleg, Frans Timmermans, er ikkje populær hos bøndene i EU. Her saman med Norges statsminister, Jonas Gahr Støre, i Brussel tidlegare i år. Foto: Johan Falnes / NTB
Skapte storm på Twitter: EUs visepresident og berekraftansvarleg, Frans Timmermans, er ikkje populær hos bøndene i EU. Her saman med Norges statsminister, Jonas Gahr Støre, i Brussel tidlegare i år. Foto: Johan Falnes / NTB

Twittermeldinga frå EUs visepresident og berekraftansvarleg, Frans Timmermans, slo ned som ei bombe hjå bøndene i EU. Dei har vore i krig med Timmermans før og skjønte raskt at han sikta til bøndene som dei ansvarlege for å skremme EU-folk til å tru at det er fare for matsikkerheiten i Europa.

Meldinga kom etter Timmermans innlegg for EU-parlamentet om EUs farm to fork-strategi. Strategien skal legge til rette for ein meir berekraftig matproduksjon og er ein del av EUs Green Deal. Til EU-parlamentet sa Timmermans at dei som var kritiske til farm to fork i utgangspunktet (les bøndene) brukar krigen i Ukraina som ein unnskyldning for å kome tilbake til sin utgangsposisjon.

- Vi verken dramatiserer eller minimerer situasjonen, smeller organisasjonen for bønder og samvirke i EU, Copa-Cogeca, tilbake til kommissæren. Dei skuldar han samtidig for «fake news». Organisasjonen meiner uttalen er problematisk både fordi Copa-Cogeca ikkje er imot å produsere meir berekraftig, og at EU ikkje berre kan tenke på eigen matsikkerheit når verdikjeder bryt saman i andre deler av verda.

Passande nok slo twittermeldinga inn rett i forkant av at styret i Copa-Cogeca fekk presentert den krevjande verdssituasjonen for mat frå FNs matvareorganisasjon FAO. Direktøren for det ukrainske bondelaget var på same møtet og fortalde om korleis krigen råkar bøndene i Europas kornkammer.

Diskusjonen har gått høgt i EU siste tida om korleis krig og kostnadstsunamien som har slått inn over EU-bøndene, skal påverke progresjonen i planen for ein meir berekraftig matproduksjon frå jord til bord. Er det rett at ein skal halvere bruken av kjemiske plantevernmiddel, kutte gjødselbruken med 20 prosent, legge om til økologisk produksjon på 25 prosent av areala og sette til side jordbruksjord når verda opplever ei matkrise? Og kan ein pålegge bonden tøffare krav på miljø, klima og dyrevelferd når økonomien til bonden er dårlegare enn på uminnelege tider?

Samtidig er det nyleg vedteke ein ny felles landbrukspolitikk (CAP) der 25 prosent av direktestøtta og 35 prosent av bygdeutviklingsmidla skal brukast på miljøtiltak. Pengepotten har også skrumpa inn etter at nettobidragsytar Storbritannia har forlate skipet. Kjem det enorme jordbrukslandet Ukraina inn i unionen skal pengane fordelast på enno fleire bønder.

"Frontane er steile og forståinga for bøndene sin vanskelege situasjon varierande."

Frontane er steile og forståinga for bøndene sin vanskelege situasjon varierande. Bøndene føler dei får lite drahjelp frå den svake polske landbrukskommissæren Janusz Wojciechowski, som må gi tapt gang på gang mot den mektige visepresidenten Timmermans. Ein krisepakke for å bøte på kostnadstsunamien for bøndene sat langt inne, og effekten ikkje spesielt stor når den fyrst vart lagt fram.

500 millionar euro skal fordelast på over 10 millionar gardsbruk. Rett nok blir det lagt til ekstra nasjonale midlar på toppen av dette. Men økonomien i det enkelte medlemsland tillet ikkje full kompensasjon til bøndene i prioriteringa mellom alle gruppene som kjempar for å få dekka auka kostnader til straum og andre utgifter som har gått i véret. EU set også strenge krav til kor mykje ekstra det enkelte land har lov å gi i støtte til landbruket nasjonalt. Litt meir slakk er gitt i desse ekstreme tidene, men det er langt frå fritt fram.

Samtidig med denne twitterstormen i EU hadde norske bønder akkurat levert sitt krav til staten i årets jordbruksforhandlingar. Også norske bønder må kjempe ein hard kamp for å få dekka den enorme veksten i utgifter og samtidig starte tettinga av gap til andre grupper. Krava til klima, miljø og dyrevelferd er strenge og ambisjonane for desse områda store. Men dei norske bøndene sit i det minste rundt forhandlingsbordet. Dei slepp å fyrst overbevise sine eigne politikarar og så EU-politikarane om å sette av meir pengar på eit EU-budsjett som rommer mange fleire postar enn landbruk.

Norske bønder kan sjå forhandlingsmotstandaren midt i auga, forklare og forhandle og påverke ned til minste detalj om kornprisar, husdyrtilskot, gjødselkompensasjon, dyrevelferdstiltak og miljøprogram. Dei har forhandlingsrett og får kvart år legge premissane i eit 150 siders detaljert krav som staten må forholde seg til og forhandle utifrå. Resultatet er ein ikkje alltid nøgd med, men forhandlingsretten er nedfelt i lova. Ein slik forhandlingsrett har ikkje EU-bøndene. Det kan vere verdt å tenke på i desse jordbruksforhandlingstider med ein gryande EU-debatt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nato skriver ny historie i nord