Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Elite-Høgre, KrF og distrikta

Saman for eit varmare samfunn, men slik gjekk det ikkje for KrF.

På landsmøtet til KrF gjekk eit knapt fleirtal over på den blåblå sida; Solberg-regjeringa som vert regna for å skapa eit kaldare og meir menneskefiendtleg samfunn, med stadig aukande forskjell mellom fattig og rik.

Annonse

Det er synd på KrF som mista ein svært dugande partileiar. KrF kan bli under streken inntil Hareide kan bli attvald seinare ein gong. At KrF vel å gå til ei Høgre-regjering som er distriktsfiendtleg og har stor framgang med sentraliseringa si, er ikkje noko pluss for veljarane i utkantane, for KrF har vel att nokre veljarar der og?

Ta til dømes ein av Høgre sine tidlegare elitepolitikarar, og byråd i i Bergen, Henning Warloe. Han har uttala at distrikta er ei stor bør og ein gigantisk kostnad for samfunnet. Det er dei stakkars storbyfolka som må ta utgiftene.

Legge ned distrikta er nok den beste løysinga meiner elite-Høgre. Det må vera ein svak elite som ikkje har fått med seg at verdiskapinga er ute i distrikta.

Neste artikkel

Til alle lærere med tomme klasserom på fredag grunnet klimastreiken: Gratulerer!