Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit skjebnesvangert blindspor

Bind karbon: Skogen. Foto: Galyna Andrushko / Colourbox
Bind karbon: Skogen. Foto: Galyna Andrushko / Colourbox

Kari Gåsvatn skriv som vanleg klokt, interessant og tankevekkande i Nationen, som oftast i spalta «Helgemat», slik ho også gjer det laurdag 18. november under overskrifta «Nedkjølt klode uten mat».

Her set ho søkeljoset på at jordsmonnets evne til å ta opp og lagre karbon er betre enn alle tekniske og industrielle metodar.

Ho meiner med andre ord at både skogen som veks og blir fornya, graset som gror og blir beita eller slått og økologisk behandla mold med sitt yrande liv av meitemark og småkryp både fangar og bind karbon langt meir sikkert, rimeleg og effektivt enn Statoil og andre kommersielle selskap sine teknologiske og industrielle løysingar på karbonfangst, på politikarspråket kalla «månelandingar».

Annonse

Årsaka til den jamt over manglande trua blant økonomar, teknologar, byråkratar og politikarar for å løyse klimautfordringa ved å spele på lag med økosystem og naturlege prosessar botnar i at dei fleste av desse har mista den jordnære kontakten og kunnskapen om primærnæringane og det rurale tilveret. Dei har blitt fanga av den urbane atmosfæren, den materielle livsstilen og veremåtane.

Trua på at teknologien kan redde miljøet, klimaet og kloden som livsgrunnlaget til alle biologiske skapningar, menneske inkludert, er eit skjebnesvangert blindspor. Den har årsaka si i at dei fleste er naturfjerne, fordi dei ikkje lenger lever tett på der trea veks, graset gror og maten blir produsert.

Neste artikkel

Stor tro på norsk landbruksteknologi