Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg berre undrast ….

Busetjing: Folk som bur på landsbygda lært seg å nytta lokale ressursar for livberga seg og sine. Foto: Andrey Armyagov  / Colourbox
Busetjing: Folk som bur på landsbygda lært seg å nytta lokale ressursar for livberga seg og sine. Foto: Andrey Armyagov / Colourbox

Gjennom generasjonar har folk som bur på landsbygda lært seg å nytta lokale ressursar for livberga seg og sine, også til rekreasjon og glede. Eg tenker då spesielt på fjord og fjell. I dei seinare åra har mange av desse moglegheitene gradvis blitt fratatt oss eller innskrenka.

• Tradisjonelt garnfiske etter makrell til eige bruk. Nå er makrellbestanden vorte så stor at den beitar ned yngelen til andre fiskeslag, og det er ikkje lovleg å fiske med flytegarn.

• Sildefiske. Tradisjonelt garnfiske etter sild er sterkt innskrenka. Forbode etter utgangen av februar når den beste tida for fiske er der.

• Garnfiske etter torsk med trollgarn til eige bruk. Skal ikkje setjast på grunna i taren der torsken ferdast. Og for all del husk å ikkje setje fleire garn enn det som er tillate. På same tid dumpast mykje større mengder av same fisken fra trålarar i Nordsjøen.

• Terna er snart borte. Det har mink og måse stått for. Nå er all måse freda fordi den er ein truga art? For oss i Skånevik er dette uforståeleg ettersom hos oss er det eit aukande stort problem. Regelverket for jakt på mink er slik laga at effektiv jakt ikkje lar seg gjera.

• Revejakt med felle er avskaffa, ingen tenkjer på lam som blir drepne, ofte på bestialsk vis. Pinnekjøtt til jul vil alle ha.

• Folk endar i retten for å ha avliva hauk som angrip hønsa deira og for å ha fått ei skjære i ei rottefelle. Sjølv om skjæra er ein skadefugl som har ein tendens til å hakke hol i siloballar.

Annonse

Er det slik vi ynskjer å ha det? Skal vi akseptere at nokre «papirflyttarar» i Oslo fratar rettar og moglegheiter som har gjort at me bur på landsbygda?

Er det sjølvsagt at våre rettar som skal ofrast til ei kvar tid? Kva gjer dette med vår kultur? Er dette lurt når me ynskjer at fleire skal busette seg på bygda? Er det rett at byråkratar skal påføre oss urimelege, ubegrunna og ufornuftige innskrenkingar i vårt levesett?

Kvifor skal vi alltid vera taparane i det store spelet om å få vår del av dei naturgitte ressursane som me har nytta oss av i generasjonar? Når skal ein seia stopp og gjera opprør mot denne gradvise øydelegginga av vårt tradisjonelle levesett?

Trur ein at det nyttar å berre preika litt med naboen over gjerdet om dette? Er det på tide med eit unisont opprør mot ei forvaltning som ikkje er i tråd med folkeviljen eller sunn fornuft?

Eg berre undrast ...

Neste artikkel

Flertall i Søgne og Songdalen vil ut av Kristiansand kommune