Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dialog er ikkje svaret

Kva trur Nortura ein kan oppnå, i dialog med dyrevernaktivistar?

Nortura: Konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg. Foto: Audun Braastad/NTB scanpix

Nortura sin konsernsjef Arne Kristian Kolberg har i Nationen 25. juni eit ”syltynt” tilsvar på ein glimrande kronikk av Hilde Lysengen Havro 21.juni – «Dialog og dyrevelferd».

Ja - Nortura og Kolberg, dykkar jobb for oss bønder og produsentar er så avgjort å kommunisere med omverda – også dyrevernaktivistar (vegetarorganisasjonar) tidvis. Men – kjære dykk, kva trur/forventar ein å oppnå? Med deira agenda og overordna føremål??

Ingen må forleiast til å tru at det er uvitenhet og mangel på kunnskap om norske lovar og reglar m.v. om dyrevern aktivistane manglar. Nei deira mange høgskuleutdanna talspersonar, veit så alt for godt kva dei gjer!

Annonse

Dei har no dei siste åra «sikra» seg fleire matvarekjeder med på laget. Kan dei óg få Nortura «nøytralisert», ville det vera som å skyta gullfuglen! No – om ikkje før – trengst klar tale.

Aktivistane sitt føleri og direkte feilinformasjon, må møtast med faktabasert forbrukarinformasjon. Der har Nortura og me bønder ikkje vore flinke nok. Føleriet har fått alt for stor makt. Det beste eksemplet finn ein innafor eggproduksjonen siste tida. Her har Nortura late seg pressa til å setja produsentar opp mot kvarandre.

Samstundes som Nortura har tillate/godkjent ei fullstendig ufagleg utvikling av fullt likeverdige produksjonsmåtar, og slik påført produsentar og forbrukarar kostnader på fleire 100 millionar kroner. Skandalaust!

Eg forventar no at min eigen interesseorganisasjon rettar ryggen. Tida for koseprat er for lengst forbi!

Neste artikkel

Direct Action Everywhere Norge: Historieløst av Nationens Hans Bårdsgård om veganere