Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Berekraftige råvarer til kraftfôr

Fôrråvare: Soyainnhøsting i Campo Nova i Mato Grosso i Brasil Foto: Thomas Vermes
Fôrråvare: Soyainnhøsting i Campo Nova i Mato Grosso i Brasil Foto: Thomas Vermes

Olav Randen har i ein kronikk i Nationen den 15. mars gjort seg nokre tankar om berekraftig råvarebruk i norsk kraftfôrproduksjon generelt, og spesielt om brasiliansk soya. Nokre av hans synspunkt er komne fram med utgangspunkt i eit intervju med meg på nettsida www.landbruk.no den 16. februar. Det er behov for å gje ein kommentar til dette.

Randen meiner at soyadyrking er ein av «vår tids største miljøproblem» og trekker fram fleire argument for sitt syn. Eg har ikkje gjort noko forsøk på å rangere verdas mange miljøutfordringar. Eg er heller ikkje den rette til å analysere dei einskilde synspunkta til Randen. Men eg veit at all matproduksjon, også i Noreg, har og har hatt ein verknad på det opphavlege mangfaldet i naturen. Randen trekker fram «Cerradoen» – savannelandskapet i Brasil – og understrekar at dette er ein naturtype som er viktig å bevare. Han har rett, derfor er 35 prosent av arealet i Cerrado-biomet verna. I Amasonas-biomet er 80 prosent av arealet verna.

Eg påstår at bruk av soya i norsk kraftfôr gir plass til meir norsk korn og at dette er gunstig for norsk sjølvforsyning og miljø. Dette står eg ved. Til dømes vil svinefôr utan soya bety at plassen for norsk korn vert redusert med om lag 5 prosent, attpåtil vil fôrkostnaden auke med om lag 30.000 kroner i ei konsesjonsbesetning (slaktegris). Felleskjøpet tilbyr eit slikt fôr, nokre vil kjøpe det, mens dei fleste ikkje. Felleskjøpet tilbyr òg eit kraftfôr til mjølkekyr utan soya. Også dette gjer mindre plass til norsk korn og auka kraftfôrkostnad. Dette faktum verkar det som om Randen ikkje har teke inn over seg.

Norsk fôrbransje har i meir enn 20 år medverka til at leverandørar kan tilby avskogingsfri og berekraftssertifisert soya til ein global marknad. Dette er å ta ansvar for miljø både nasjonalt og internasjonalt.

Randen tek til orde for ein reduksjon i bruk av soya «snarast råd». Eg er ikkje einig i det. Det er ikkje, på kort sikt, lurt å redusere bruken av soya, fordi bøndene i så fall må ta kostnadane. Kostnadane vil først kome som økt kraftfôrpris, deretter som auka import av mat. Derimot er det lurt å arbeide med alternative råvarer for bruk til både menneskemat og dyrefôr.

Annonse

I Felleskjøpet Fôrutvikling arbeider vi med mange aktivitetar som har som mål å auke norsk sjølvforsyning generelt, og auke tilgang til nye proteinråvarer spesielt. Eg kan garantere at vi vil introdusere nye råvarer når tida er inne for det. Eg legg til grunn at det ikkje kan skje ved at bøndene blir tvungne til å redusere si inntekt for å få det til.

I intervjuet med meg den 16. februar er det dessverre ein skrivefeil. Felleskjøpet importerer ikkje 3,5 prosent av verdas soyaproduksjon. Felleskjøpet importerer soyamjøl tilsvarande knappe 200.000 tonn soyabønner. Dette er ganske nøyaktig ein halv promille av verdas samla soyaproduksjon som i år er forventa til 347 millionar tonn i år. I Brasil er årets soya avling forventa til om lag 110 millionar tonn. Norsk fôrindustri vil venteleg importere knapt 1 prosent av dette. Om lag ein tredel av dette til husdyrfôr. Norsk landbruk kjøper såleis 0,35 prosent av soyaproduksjonen i Brasil.

Felleskjøpet er landets største produsent av fôr til norske husdyr. Fôr skal vere godt for dyr, for folk og for miljø. I tillegg må fôret bidra til lønsemd hjå dei som skal bruke det. Er det ikkje lønsemd blir det heller ikkje berekraft. For Felleskjøpet det naudsynt å meistre både notid og framtid.

Soyabruken utgjer berre 10 prosent av norsk kraftfôr. Soya er både berekraftig og fornuftig for dagens versjon av norsk matproduksjon. Felleskjøpet arbeider langsiktig og derfor også med råvarer som kan bli aktuelle for neste generasjon bønder. Det er berekraft i praksis.

Neste artikkel

Dyra som bruker mest norsk fôr tapar terreng