Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arveavgift

Etter å ha høyrt politisk kvarter i dag 24. september kjem eg i tankar om at ikkje alle dagens stortingmenn og -kvinner kan ha lest og forstått Gunnlova frå 1814.

Da lydde § 108 slik: «Ingen Grevskaber, Baronier, Stamhuse og Fideikommisser, maa for fremtiden opprettes.» Det meste kan vi forstå, men fideikomisser? Kloke folk forklarer at: Eit fideikomiss er ein formuesmasse som er bandlagt slik at den går uforminska i arv til seinare slekter etter ein viss orden. Fedrane på Eidsvold ønska altså ingen arveleg riksmannsklasse i Norge.

Og ingen ny adel. I ordskiftet om dette på Eidsvold reiste Christian Magnus Falsen seg og sa ifrå seg sitt formelle adelskap. Standpunktet var klart.

Annonse

Eidsvollsforsamlinga ønska eit land utan privilegiar for noen. Det står altså i 1814-grunnlova at det er påbudt med arveavgift: Fideikomisser er forbudt.

Gjentar: Det står i 1814-grunnlova! Det var revolusjonært for 200 år sidan – og også i dag skal ein dømme etter det som vart sagt i politisk kvarter. Det er tydeleg at dagens rikfolk ønsker å halde fast på retten til å innføre fideikomisser etter at grunnlova på eit eller anna tidspunkt må ha blitt omtolka slik at folk flest no synes å tru at det er tillatt å opprette fideikomiss.

Representanten for dei styrande som på NRK P2 uttala seg sterkt for oppretting av fideikommisser glømte å fortelje om han også ønska å innføre Grevskaber, Baronier, Stamhuse.

§ 108 i min favorittutgave av grunnlova lyder no slik: ”Heretter kan det ikkje skipast grevskap, baroni, stamhus eller fideikommiss.”

Neste artikkel

Regjeringen styrer mot avvikling av pelsdyroppdrett