Stort underskot i fjor, lånekrav som ikkje blei overhaldne, høge lånerenter, stort investeringsbehov og ein lågare eigenkapitaldel enn nokon gong før.

Utfordringane står i kø for bondeeigde Nortura, som ser på ulike måtar å kome seg ut av pengeskvisen og få inn meir eigenkapital.

Vil slakte Nortura

Fleire av bøndene som eig Nortura tar nå til orde for å splitte opp og selje ut delar av det gigantiske konsernet som er landets største leverandør av kjøtt og egg.

Anders Schanche Rettedal, som er fylkesleiar i Rogaland Sau og Geit og sit i styret i storfeorganisasjonen Tyr, føreslår å skilje kvitt kjøtt ut som eit eige selskap og invitere matkjedene inn på eigarsida.

«Skill ut hvitt kjøtt i eget selskap. Selg 49% av dette til en av dagligvarekjedene og bruk provenyet til å styrke egenkapitalen. Dagligvarekjedene styrer kyllingmarkedet med millimeterpresisjon uansett», skriv Rettedal i ein nettkommentar.

Overfor Nationen legg Rettedal vekt på at han ikkje ser fordelar av å ha kvitt og raudt kjøtt samla i same konsern.

– Eg veit ikkje kva som var argumenta for å slå saman Prior og Gilde då Nortura blei etablert i 2006, men eg ser ikkje at det er særlege synergiar i dag, seier han, som presiserer at han uttalar seg på eigne vegne.

– Kan reindyrke

Rettedal seier både transport, slakting og salsapparat for merkevarene er spesialisert og delt inn i eigne organisasjonar på raudt og kvitt kjøtt og konkurrerer mot kvarandre i marknaden.

Han seier at dei tre store aktørane på fjørfekjøtt alt er tett integrert i kvar si daglegvarekjede.

Ved å skilje ut kvitt kjøtt-delen frå Nortura trur Rettedal at det blir lettare å reindyrke satsinga på raudt kjøtt.

– Eg ser ikkje nokon industriell logikk i å stå med ein fot i kvar marknad, seier han.

Eg ser ikkje nokon industriell logikk i å stå med ein fot i kvar marknad

Anders Schanche Rettedal, medeigar i Nortura og produsent av rundt 140 tonn kjøtt frå småfe, storfe og svin

– Trur du fjørfebønder vil selje ut sin del?

– Eg har ikkje dukka ned i dette, men viss ein hadde selt 49 prosent ville ein framleis hatt kontroll og ein ville fått inn kapital til nødvendige investeringar. Fjørfekjøtt-delen er i lomma på kjedene uansett, seier han.

På spørsmål om ikkje Nortura-kollegaer som driv med fjørfe kan oppleve forslaget som eit angrep, så vedgår Rettedal at han har fått reaksjonar på forslaget.

– I interne forum i Nortura har eg fått vel så mykje motbør som støtte, men skal Nortura overleve må vi tole tøffe tak og diskutere alt, seier han.

– Klarer ikkje konkurrere

Rettedal meiner å sjå ein tendens til at økonomien til Nortura blir dårlegare i periodar med overskot av kjøtt. Han seier det verkar å vere kostnader ved rolla til Nortura som marknadsregulator som ikkje blir dekt inn.

– Når det er overproduksjon, så pleier det å gå sterkt ut over økonomien til Nortura. Kanskje burde ein skilt ut den rolla og fått dekt inn kostnadene, seier Rettedal, som seier seg spent på korleis økonomien til Nortura vil utvikle seg utover året som følgje av veksten i reguleringslagera med kjøtt.

Han viser til at det ikkje er marknadsregulering på kvitt kjøtt, noko som ifølgje Rettedal talar for å skilje ut fjørfekjøtt som eit eige selskap. Konkurransesituasjonen mellom kjøttslaga talar ifølgje Rettedal også for ei oppsplitting av Nortura.

– Beitedyr har ikkje sjanse til å konkurrere med kvitt kjøtt i marknaden. Det handlar ofte om pris. Vi må også diskutere prisnedskrivinga av kraftfôr og at produksjonen er frikopla frå jordgrunnlaget, seier han.

– Det blir vel ikkje mindre konkurranse ved å skilje ut den delen?

– Nei, men det er ein måte å hente inn kapital på, seier Rettedal.

Rettedal seier han ikkje har diskutert forslaget med kona, Inger Lise Aarrestad Rettedal, som sat seks år i Nortura-styret fram til 2020 og er Høgre-politikar.

Sjølv oppgir Rettedal at han leverer opp mot 1400 slaktegrisar i året og har 450 vinterfôra sauer og 30 ammekyr. Produksjonen er på rundt 110 tonn svinekjøtt, 20 tonn frå sauer og lam og 10 tonn storfekjøtt i året på totalt 1600 mål gras og beite på Mosterøy utanfor Stavanger.

Rettedal seier kontrasten er stor til kyllingbønder.

– Dei kan produsere 300 tonn kjøtt på 100 mål jord, seier han.

Luftar børs-modell

Hilmar Kleppe, som har vore fylkesleiar i Møre og Romsdal Sau og Geit og styremedlem i Norsk Sau og Geit, tar på si side til orde for å omdanne Nortura etter modell frå Gjensidige.

«Hva med å se til et tidligere samvirke, Gjensidige: De har delt virksomheten i to. Gjensidige ASA på børs og Gjensidigestiftelsen som er stor eier i Gjensidige ASA», skriv Kleppe.

Gjensidige har lange røter som samvirkeselskap og blei børsnotert i 2010, same året som Nortura henta inn ekstra medlemskapital. Gjensidigestiftinga eig framleis 62,2 prosent.

– Eg veit ikkje om den modellen er optimal for Nortura, men eg trur vi må tore tenke drastiske tankar. Det kan også vere ein stor fordel å få inn fleire profesjonelle i styret og skilje det kommersielle og den meir samfunnsmessige delen som marknadsregulatorrolla, seier Kleppe til Nationen.

Han stiller seg heller ikkje avvisande til å hente inn meir medlemskapital, som i 2010.

– Eg var med sist. Fordelen med at vi er så mange er at det ikkje blir så mykje på kvar. Med dagens rente er det lurt å tenke i dei baner. Meir eigenkapital gir betre lånevilkår. Det er ikkje unormalt for selskap å hente inn meir kapital frå eigarane. Det er nær ein uting at ein har venta så lenge med det, seier Kleppe, som gir uttrykk for at det er lenge sidan sist.

Forslaget om å skilje ut kvitt kjøtt seier Kleppe han håper styret vil ta ei vurdering på.

– Fusjonen mellom Prior og Gilde var kanskje rett i 2006, men det er ikkje sikkert at det er rett nå, seier han.

Avviser oppsplitting

Forslaget om å skilje ut og selje delar av kvitt kjøtt-delen av Nortura får motbør frå fjørfehald.

Bente Kristin Mellerud Roer, som var styremedlem i Nortura i åtte år fram til 2021, gir i nettdebatten klart uttrykk for at ho meiner ei slik løysing ikkje er rett strategi. Det gjentek ho overfor Nationen.

– Eg synest ikkje det er rett strategi, seier ho.

For vidare kommentarar viser ho til administrasjonen og styreleiar i Nortura.

Roer var varamedlem i Prior då fjørfesamvirket slo seg saman med Gilde og danna Nortura.

– Eg meiner det var rett avgjerd den gongen, seier Roer, som seier ho ikkje kjenner til at det er ei aktuell problemstilling å splitte opp konsernet.