Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, seier stortingsvalet har gitt regjeringa mindre handlingsrom i landbrukspolitikken.

– Mindre manøvreringsrom

– Det går mot ein ny fireårsperiode for Solberg-regjeringa. Når vi ser tilbake på behandlinga av jordbruksmeldinga, så viste det seg at fleirtalet i landbrukspolitikken låg utanfor regjeringa. Det ser ut til å vere situasjonen òg dei neste fire åra, og nå er regjeringa avhengig av støtte frå både KrF og Venstre. Dei kan ikkje danne fleirtal med berre eitt av partia. Det gir mindre manøvreringsrom for regjeringa i landbrukspolitikken, seier Bartnes.

– Trur du det vil vere bra for landbruket?

– Det gir sentrum ein noko forsterka posisjon. Det er bra. I landbrukspolitikken har sentrum ein viktig posisjon i utviklinga av politikken, seier Bartnes, som likevel legg til at han kunne ønska seg eit endå sterkare sentrum.

– Sist periode gjekk KrF saman med dei raudgrøne partia i fleire tilfelle i landbrukspolitikken. Nå har desse partia fleirtal i lag. Kva vil det ha å seie?

– Eg legg til grunn at jordbruksmeldinga vil vere grunnlaget for politikken òg komande periode. Det gir ein forutsigbarhet. KrF vil vere i vippeposisjon mellom venstre- og høgreblokka på Stortinget. Gjennom det blir KrF sentralt, seier Bartnes.

– Blir vanskelegare for Dale

Bondelagsleiaren det blir vanskelegare for regjeringa og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) å få gjennomslag for landbrukspolitikken dei komande åra.

– Dale har vore tydeleg på at han vil gjennomføre liberalisering og sentralisering av landbruket, men han er nå avhengig av både KrF og Venstre. Med KrFs tydelege varsel om reformpause på sentralisering av politikken, så blir det endå vanskelegare for Dale å få gjennomslag for Frps landbrukspolitikk, seier Bartnes.

– Kva forventingar har du til dei komande åra?

– Eg forventar at dei vil styrke økonomien i landbruket. Der er tollvernet sentralt, og at dei vil legge vekt på små og mellomstore bruk. Det er viktig for den framtidige matproduksjonen. Eg forventar òg at regjeringa reelt vil ta tak i den skeive maktfordelinga i verdikjeda for mat og styrke investeringsevna i landbruket, og gjennom det løfte fram mangfaldet i norsk landbruk, seier han.

– Er det meir grunn til optimisme nå enn i førre periode?

– Jordbruksmeldinga gir sterke føringar for eit landbruk i heile landet. Ei undersøking blant stortingskandidatane viser at fleire er bevisste på landbruksspørsmål enn for fire år sidan. Det må omsetjast i ein ny politikk som løfter landbruket og forsterkar eit landbruk i heile landet, seier Bartnes.