Gå til sidens hovedinnhold

Artsdatabanken

Artikkelen er over 2 år gammel

Artsdatabanken

  • • Artsdatabanken er ein kunnskapsbank som jobbar for å auke kunnskapen om naturmangfald.
  • • Kunnskapsbanken er ein etat under Klima- og miljødepartementet, og har vore i drift sidan 2005.
  • • Dei har tett samarbeid med dei biologiske fagmiljøa for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for ulike brukarar, som til dømes statsforvaltaren.
  • • Hensikta med å samle inn informasjon om naturen, er at direktorata, statsforvaltarar og kommunar skal ha god nok kunnskap til å ta avgjersler for å forvalte naturen.
  • • Artskart er ei oversikt over kva ein kan finne ulike arter i Norge, og er ein teneste Artsdatabanken leverer. Fleire fagmiljø over heile Norge bidreg til informasjonen ein kan finne på Artskart.
  • • Informasjonen i Artskart kjem òg frå Artsobservasjoner, som er eit samarbeid mellom Artsdatabanken, Sabima og Norsk Ornitologisk Forening.
  • • I Artsobservasjoner kan alle som opprettar brukar registrere og rapportere om funn i naturen. Registreringa er tilgjengeleg for alle, og ikkje berre fagmiljøa.
  • • Uvanlege funn, registreringar av raudlista arter og truga arter blir kvalitetssjekka av Artsdatabanken eller organisasjonane dei samarbeider med.
  • Kjelde: Artsdatabanken

Kommentarer til denne saken