Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

WMO: – 2014 eitt av dei varmaste åra

Temperaturmålingar frå heile verda tyder på at 2014 var det varmaste året globalt sidan målingane begynte, ifølgje Verdens meteorologiorganisasjon (WMO).

WMO ventar at temperaturen på jorda vil fortsette å stige som følgje av utsleppa av klimagassar. Foto: Colourbox
WMO ventar at temperaturen på jorda vil fortsette å stige som følgje av utsleppa av klimagassar. Foto: Colourbox

I ei utsegn skriv FN-organisasjonen at 2014 er «rangert som det varmaste året». Samtidig vert det streka under at forskjellane mellom åra øvst på lista ligg innanfor usikkerheitsmarginen.

Dermed er det ikkje mogleg å fastslå med full sikkerheit om det er 2014, 2010 eller 2005 som har rekorden.

Utviklinga over lengre tid er likevel viktigare enn resultata for kvart enkelt år. WMO ventar at temperaturen på jorda vil fortsette å stige som følgje av utsleppa av klimagassar.

– 14 av dei 15 varmaste åra har alle vore i dette hundreåret, skriv organisasjonen.

Annonse

Kompliserte dataanalysar ligg bak utrekninga av gjennomsnittstemperaturen i lufta over jord- og havoverflata. Tidlegare har det britiske meteorologiske instituttet Met Office landa på same konklusjon som WMO: At 2014 er eitt av dei varmaste åra som nokon gong er målt.

I USA har romfartsorganisasjonen NASA og hav- og atmosfæreetaten NOAA uttalt at det vart sett ny rekord i fjor. Dei amerikanske forskarane er likevel blitt kritiserte for å ha uttalt seg for kategorisk.

At 2014 var det varmaste året i Noreg, kan ein slå fast med svært stor sikkerheit. Den gamle rekorden frå 2011 vart nærmast knust med 0,4 grader, ifølgje Meteorologisk institutt.

Neste artikkel

Tropenatt i Tromsø for første gang