Vurderer faren for svikt i matforsyninga

Etter strid om kornlagring har Stortinget pålagt regjeringa å lage ein omfattande risiko- og sårbarhetsanalyse. KrF seier ein må ta verdas utfordringar på alvor.

Matforsyning: Stortinget ber regjeringa lage ein risiko- og sårbarhetsanalyse i kjølvatnet av at regjeringa sette foten ned for statleg finansiert kornlagring. Sidan år 2000 har kornarealet gått ned med over 400.000 mål. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Matforsyning: Stortinget ber regjeringa lage ein risiko- og sårbarhetsanalyse i kjølvatnet av at regjeringa sette foten ned for statleg finansiert kornlagring. Sidan år 2000 har kornarealet gått ned med over 400.000 mål. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Beredskapslager for korn

I statsbudsjettet for 2014 sette Stoltenberg-regjeringa av pengar til beredskapslagring av korn etter råd frå SLF om å gjeninnføre kornlagre.

Løyvinga blei kutta av Solberg-regjeringa, men i budsjettforliket blei partane einige om å greie ut behovet.

Nilf-utgreiinga fann ikkje grunnlag for å tilrå statleg lagring av korn. Regjeringa konkluderte i haust med 
at det ikkje er behov for ei ordning med kornlager, men vart seinare pålagd av Stortinget å lage ein meir omfattande risiko- og sårbarhet-sanalyse.

Landets største kornlager stod i fare for å bli rive då Felleskjøpet Agri i fjor kjøpte anlegget for 49,5 mill. kr.

Nærare 60% av råvarer til korn og kraftfôr og 83% til fiskefôr er importert. Nær 20 % av korneksporten i verda kjem frå Svartehav-området, som er prega av uro.

– Utgreiinga om kornlagring viste behov å analysere sårbarhet og beredskap i ein større samanheng. Vi må ta på alvor dei utfordringane verda står over. Vi blir stadig fleire menneske, klimapanelet til FN seier vi vil merke klimaendringar i mykje større grad framover, og fallet i oljeprisen viser at heile verdsøkonomien kan bli endra, seier næringspolitisk talsperson Line Henriette Hjemdal i KrF.

– Gir grunn til bekymring

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

Digital

Bestill

100 dager for 100 kr

VÅRT BESTE TILBUD!

Neste artikkel

Mange bønder får kutt i omsetningsavgifta