Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Virke med smør-kritikk mot marknadsrolla til Tine

Hovudorganisasjonen Virke hevdar smørmangelen før jul syner systemsvikt - og vil at Landbruksdepartementet går gjennom rolla til Tine som marknadsregulator.

I eit brev til Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk ber Hovedorganisasjonen Virke om at ministeren tek initiativ til gjennomgang av marknadsreguleringsordninga for mjølk og meieriprodukt.Les også: Bondelaget meiner Noreg bør lære av svensk smørmangel - Smørmangelen som oppstod før jul illustrerte at det er noko grunnleggjande feil ved marknadsreguleringa, ettersom marknaden jo ikkje vart regulert, seier direktør for Virke Handel, Thomas Angell. Leveringssvikt frå Tine og stor smøretterspurnad førte til at dei fleste butikkane var tomme for Tine-smør i vekene før jul. Treng tilpassing I dag er samvirkeselskapet Tine marknadsregulator. Angell seier det fyrst og fremst handlar om ei systemkrise, meir enn at Tine har gjort ein dårleg jobb. - Tine er pålagt ansvar for å regulere marknaden. Etter våre vurderingar er det systemfeil bak det heile. Brekk må ta initiativ til gjennomgang, for å få ei regulering som er tilpassa dei framtidige utfordringane i matsektoren, seier Angell. At marknadsregulering for mjølk skal vera ein viktig pilar for landbrukspolitikken, bør ikkje vera eit hinder for å sjå på alternativ, skriv Virke. Les også: Fire av fem er uberørt av smørmangelAngell seier Virke ikkje har sett på andre organiseringsmodellar. - Me er ikkje ute etter revolusjon, men at ordninga blir gått gjennom for å finne betre måtar å gjera det på. Ho må også sikre vareforsyninga, ikkje berre hindre overproduksjon. Virke ynskjer framleis eit sterkt landbruk som kan levere kvalitetsvarer til norske butikkar, seier Angell. Handelen sitt tap på 43 millionar baserer seg på ein førespurnad Virke har hatt til sine medlemer. - Dei fleste har knytt tala opp til at dei ikkje fekk selt smør, som også førte til mindre sal av andre varer, som mjøl og sukker, seier Angell. Les også: Frp vil fjerne tollsatsen på smørLandbruksdepartementet opplyser at Lars Peder Brekk ikkje ynskjer å kommentere brevet frå Virke før han sjølv har svara på brevet. Brekk har tidlegare uttala at det er uaktuelt å gjera endringar i regulatorordninga. Ingen systemfeil Tine avviser at det er manglar ved systemet som låg bak smørmangelen i fjor. - Det skuldast bereknings- og vurderingsfeil frå Tine si side, og ikkje systemfeil, seier kommunikasjonsdirektør Elisabeth Morthen. - Marknadsreguleringa er ei oppgåve Tine utfører på vegner av styresmaktene. Om statsråden vil ha gjennomgang av ordninga, stiller Tine opp om han ynskjer bidrag frå oss, seier Morthen.Les kva matkjedene meiner om marknadsreguleringa i e-avisa eller i papirutgåva 8.mars

Annonse

Neste artikkel

Nesten 400 personer er nominerte til Årets unge bonde