Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villaksåret 2019 er opna

Neste år er peikt ut til det internasjonale villaksåret. Onsdag markerte klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) ein tjuvstart på markeringa av året.

– Noreg er ein stor nasjon når det gjeld villaks, og med dette følgjer det eit stort ansvar. Behandlinga av villaksen er avgjerande for heile framtida til arten, sa statsråden under markeringa i Drammenselva, fortel Miljødirektoratet.

Annonse

I Noreg er det Miljødirektoratet som har det overordna ansvaret for markeringa av villaksåret 2019. Gjennom året blir det lagt opp til ei mangfaldig markering med ei rekkje arrangement for å feira og auka kunnskapen om villaksen.

Onsdag blei det også opna ei offisiell nettside om villaksåret. Der kan folk lesa meir både om bakgrunnen for året, kvifor det er viktig å ta vare på villaksen, statistikk og for tal på villaks og om korleis villaksåret skal markerast. Målet er å skapa mest mogleg aktivitet i heile landet.

– Eg håpar flest mogleg vil vera med på å feira villaksen og oppmodar alle som kan tenkja seg å bidra med arrangement eller tiltak til å ta kontakt med oss eller Norsk Jeger og Fiskerforbund, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Neste artikkel

Dyrebeskyttelsen bekymret over uetisk avl av kjæledyr