Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil leggje ned Direktoratet for naturforvaltning

Nordland Høgre er kritiske til Direktoratet for naturforvaltning, men møter inga forståing frå miljøvernminister Erik Solheim.

Under landsmøtet i Høgre i helga, vil Nordland Høgre ta til orde for å leggje ned Direktoratet for naturforvalting (DN).

I eit forslag til vedtak som er sendt inn til landsmøtet, heiter det at DN i stadig større grad har bidrege til eit meir og meir omstridd skjeringspunktet mellom bruk og vern. Høgre-laget tek til orde for å omorganisere det statlege miljøbyråkratiet og tilbakeføre større råderett til lokalt nivå.

- DN er ikkje ein politisk aktør, men opptrer likevel med stadig breiare sjølvtilførte fullmakter i form av konkrete inngrep og politisk ladde utfall i samfunnsdebatten, meiner fylkeslaget i forslaget til vedtak.

Det er nestleiar Daniel Bjarmann-Simonsen i Nordland Høgre som frontar framlegget.

- Direktoratet for naturforvalting har altfor stor makt og påverknad i forvaltingssaker. Her i Nordland fungerer direktoratet nesten som eit hinder for verdiskaping, særleg innan skogbruk, landbruk og havbruk, seier Bjarmann-Simonsen.

- Prinsipplaust forslag

Miljøvernminister Erik Solheim avviser blankt forslaget frå Høgre.

- Forslaget føyer seg inn i rekkja over Høgre sine åtak på natur- og miljøvern. Dette er milevis frå det Høgre vi kjende under Børge Brende (tidlegare miljøvernminister) og berre syner at Høgre klistrar seg opp mot Frp i endå ei sak, seier han til Nationen.

Annonse

- Har kritikken mot direktoratet noko føre seg?

- Som alle andre instansar tek også dette direktoratet innimellom feil og nokre gonger har eg gjort om på vedtaka deira. Direktoratet skal fremje det dei etter fagleg skjøn meiner er rett, og så er det opp til politikarane å avgjere. Men oppgåva til direktoratet er å vere ei vaktbikkje, og då må det vere uavhengig, seier Solheim.

Han kallar framlegg frå Nordland Høgre prinsipplaust.

- Høgre føreslår ikkje å leggje ned Vegdirektoratet når dei er usamde med vedtaka der, eller å fjerne Oljedirektoratet når dei har kritiske merknader. Dei vil berre ramme miljøvernet, seier Solheim, som ikkje har stor tru på at forslaget kjem til å verte vedteke av Høgre-landsmøtet.

Vil vurdere

Daniel Bjarmann-Simonsen veit ikkje enno om han får med seg resten av partiet på eit vedtak, men han er overtydd om at han har støtte frå andre fylkeslag. Han syner til at Hedmark Høgre fremja eit liknande forslag i fjor. Dette forslaget vart moderert av landsmøtet, som den gong gjekk inn for følgjande formulering:

- Landsmøtet i Høgre vil omorganisere det statlege miljøbyråkratiet, og særleg vurdere den rolla Direktoratet for naturforvalting har.

Neste artikkel

Stor mangel på ungdomsklubber i distriktet: – Det må skje en endring