Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ha tips om beste vegkro

Norges beste serveringsstad langs landevegen skal kårast.

Spis, tips - og spis igjen! Ganefart er i gang.

Landbruks- og matdepartementet og Bygdekvinnelaget ber deg om hjelp til å finne beste serveringsstad langs vegen. Og de lovar velsmakande premiar.

- Ganefart er ein konkurranse som er med på å gjere Norge til eit betre reisemål, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).

Han oppmodar folk til å engasjere seg i Ganefart ved å tipse om dei gode stadane som er ei reise verdt i seg sjølv.

Les også: 62 millioner til matspesialiteter

- I Norge har vi lange tradisjonar, gode råvarer og maten har gjerne sin heilt spesielle historie. Serveringsstadane langs vegen er eit godt høve til å vise fram noko av det vi er så stolte av, seier statsråden.

Så langt har nesten 90 serveringsstader meldt seg på konkurransen og det har kome inn 300 tips.

Annonse

Les også: Mattilsynet vil merke gode spisesteder

Leiar Kathrine Kleveland i Norges Bygdekvinnelag vil få fleire serveringsstader med i konkurransen. - Kjempefint at vi nærmar oss 100, men eg ynskjer meg minst 250 påmeldte før sommaren er over. Så stå på - kom med tips, seier Kleveland engasjert.

- Erfaring frå tidlegare år er at konkurransen gir serveringsstadane auka fokus på å servere gode norske matrettar. Eg er sikker på at dette fører til betre serveringsstader med fleire gjestar.

Delta også i Nationens oppskrift-konkurranse!

Neste artikkel

Hyller norsk mat i verdensklasse