Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi legg att nesten 12 milliardar på harrytur

Harryhandelen held framleis koken. Per 31. mars i år hadde nordmenn det siste året hatt om lag 6,45 millionar dagsturar til utlandet, kor dei handla for totalt 11,8 milliardar kroner.

Tal frå SSB syner at totalsummen det er handla for auka med 1 prosent jamført med året før, men talet på dagsturar gjekk ned med 7 prosent.

Les også: Forsker mener økningen i grensehandelen kan stoppes

- Folk handlar meir enn før når dei først er på tur. Det høyrest i utgangspunktet lurt ut, men eg trur nok altfor mange lèt seg freiste til å kjøpe meir enn dei hadde planlagt, og då går vinninga fort opp i spinninga, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB i ei pressemelding.

Les også: Svenskehandel for 11,6 milliarder kroner

Annonse

Ho rår folk som skal reise over grensa til å handle til å planleggje turen godt og sjekke kva varer og tenester det er mest å spare på. Men det finst grenser for kor mykje ein kan handle for.

- Har du vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil 6.000 norske kroner utan å betale toll og avgifter. Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong på 24 timar ta med deg varer for 3.000 norske kroner toll- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene, seier Sandmæl. (©NPK)

Neste artikkel

Grensehandelen har økt med 1,5 milliarder