Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vestre Hakloa-striden: Staten seier ja til ny ekspropriasjon

Statens landbruksforvalting har på nytt gjeve husmannsson Jo Arne Ødegård medhald i retten til å kjøpe barndomsheimen Vestre Hakloa frå godseigar Carl Otto Løvenskiold.

Statens landbruksforvalting (SLF) vedtok tysdag ny ekspropriasjon av husmannsplassen Vestre Hakloa i Nordmarka nord for Oslo.

Vestre Hakloa vart fyrst ekspropriert av staten til fordel for husmannsson Jo Arne Ødegård i 2005.

Måtte starte på nytt

Etter at Høgsterett avviste den siste anken frå grunneigar Carl Otto Løvenskiold i fjor, såg det ut til at Ødegård sin 13 år lange kamp for å få overta barndomsheimen endeleg var krona med siger. Så gjorde staten ein feil, og Ødegård måtte starte heilt på nytt igjen. I desember sende han ny søknad om ekspropriasjon til Oslo kommune.

Trass i motargument frå advokatane til grunneigar Løvenskiold stod Oslo kommune fast på vurderingane gjort i fyrste runde.

Motargumenta er avviste

I vedtaket frå SLF heiter det at dei lovbestemte vilkåra i jordlovas §14 for å ekspropriere plassen er oppfylt.

- Gamal husmannsplass i Nordmarka i Oslo.

Annonse

Alle motargumenta frå advokatane til Løvenskiold vert avviste i vedtaket frå SLF.

"En kan ikke se at inngrepet vil føre til ulemper av en slik art for Løvenskiold at ekspropriasjon ikke bør skje", konkluderer SLF.

Vedtaket frå SLF tysdag kan påklagast til Landbruks- og matdepartementet.

Les også: Småbrukarlaget reagerer sterkt på ny Hakloa-runde

Neste artikkel

MDG om Grytten-rapport: – Dette løser ingenting for bøndene