Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vegvesenet godtar Leangen-bot

Statens vegvesen har bestemt seg for å vedta eit redusert førelegg frå Trøndelag statsadvokatembete på 5 millionar kroner for brustillaset som rasa saman på eit veganlegg i Trondheim i mai i fjor.

To menneske mista livet då eit brustillas ved Leangen i Trondheim kollapsa 8. mai i fjor. Foto: Ned Alley / NTB scanpix
To menneske mista livet då eit brustillas ved Leangen i Trondheim kollapsa 8. mai i fjor. Foto: Ned Alley / NTB scanpix

I juni bad Vegvesenet om å få vente til hausten med å svare på om dei godtok bota. Påtalemakta gav opphavleg Vegvesenet ei bot på 7 millionar kroner for ikkje å ha følgt opp ansvaret sitt for helse, miljø og tryggleik på veganlegget, men har no sett beløpet ned til 5 millionar kroner.

– Etterforskinga av ulykka har avdekt tilhøve som ikkje var tilfredsstillande, og Statens vegvesen vedtar derfor førelegget, heiter det i ei pressemelding.

Entreprenøren Reinertsen vedtok i juni eit førelegg på 5 millionar kroner etter at statsadvokatembetet også der justerte beløpet ned frå 7 millionar, mens Vegvesenet fekk tenkjepause til 1. september.

Annonse

To menneske mista livet då eit brustillas ved Leangen i Trondheim kollapsa 8. mai i fjor.

Neste artikkel

Disse fjellovergangene er stengt første juledag