Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vegard Tømmerholen (41) mista livet i slakteulykka i Grue

Boltepistolen blei avfyrt med eit uhell då Tømmerholen skulle hjelpe ein nabo med slakting av gris.

Det var 41 år gamle Vegard Tømmerholen frå Grue som mista livet i slakteulykka tysdag.

Det skriv politiet i Innlandet i ei pressemelding. Navnet blir frigjort i samråd med dei pårørande, melder VG.

Annonse

Tømmerholen skulle hjelpe ein nabo med slakting då ulykka skjedde.

Politiet ser på dødsulykka på Namnå i Grue kommune som ei arbeidsulykke.

– Ulykka inntraff då han skulle sette ein trynestropp rundt snuten på grisen samstundes som han heldt i slaktepistolen. Ved eit uhell blei pistolen avfyrt og skotet trefte den avdøde i brystregionen, meldte politiet i Innlandet.

Neste artikkel

Slaktedødsfallet i Grue: – Vi er preget