Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vedum ventar tolldiskusjon med EU

Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sette seg onsdag morgon på flyet til Brussel for å møte EUs landbrukskommissær Dacian Ciolos. - Vi skal snakke om dei ulike landa sine utfordringar i landbruket. Tollvernet er viktig for det norske landbruket, så det er naturleg å komme innom det tema, seier Vedum til Nationen på vei til Brussel.

Onsdag reiser Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til EU-hovudstaden for fyrste gong som landbruksminister.

På programmet står møte med EUs landbrukskommissær Dacian Ciolos, med visepresident og kommissær for næringsliv og entreprenørskap, Antonio Tajani, med den europeiske bondeorganisasjonen Copa Cogeca og med EU-parlamentarikarar.

Kommunikasjonssjef Ottar Løvik i Landbruksdepartementet omtalar møta som høflegheitsvitjingar for å helse på europeiske kollegaer, men stadfestar at Vedum og følgjet hans frå departementet også er budde på å snakke om dei planlagde norske tollendringane.

- Blant temaa som står på dagsordenen er matmakt og kjedemakt. Så er vi førebudde på å grunngje og forklare ostetollen, dersom EU-sida ønskjer det. Vi er også førebudde på å snakke om andre handelspolitiske spørsmål, seier Løvik.

EU vil ha nytt tollmøteEU-kommisjonen har ved fleire høve uttrykt misnøye med den norske regjeringas vedtak om å gå frå kronetoll til prosenttoll på enkelte typar ost, på lammekjøt og nokre stykningsdelar av storfekjøt.

I eit brev sendt den norske regjering like før jordbruksforhandlingane i vår, trua kommisjonen også med motreaksjonar dersom importvernet for landbruksvarer vart skjerpa. Kommisjonen meiner tollendringane undergrev resultatet av den nyaste artikkel 19-avtalen i EØS-avtalen, der kvoten for ost som kan importerast tollfritt til Noreg vart auka frå 4500 tonn til 7400 tonn. Artikkel 19 i EØS-avtalen regulerer handelen med landbruksvarer mellom Noreg og EU.

I eit nyare brev til den norske landbruksministeren skriv EUs landbrukskommissær at han håpar regjeringa vil ta EUs uro opp til vurdering og at det gode handelssambandet mellom EU og Noreg ikkje vert skadelidande på grunn av den norske tollauken.

- Uansett må Noreg og EU møtast veldig snart for å diskutere denne saka, og jeg beklagar at Noreg ikke bad om slike konsultasjonar før den norske regjeringen tok si avgjerd, skriver Ciolos i brevet til Vedum, som er datert 27. september.

EU trua i mai den norske regjeringa med motreaksjonar dersom importvernet for landbruksvarer vart skjerpa.

Annonse

I ettertid har det vore konsultasjonar mellom Noreg og EU om saka på teknisk nivå, men EU-kommisjonen har varsla at ein ser grunn til å diskutere saka meir før statsbudsjettet med dei føreslegne tollendringane skal handsamast av Stortinget.

Møter parlamentarikarar frå Sverige og IrlandDanmark og Sverige er blant landa som har reagert sterkast på dei norske tollendringane, og det er Danmark som har pressa på for å gje saka stor merksemd i EU.

Sveriges handelsminister Ewa Bjørling seier i eit intervju med Dagens Næringsliv at 700 svenske meierijobbar kan ryke som følgje av norsk toll på svensk ost.

Tollendringa har også møtt sterke reaksjonar frå tre EU-parlamentarikarar frå Danmark, Nederland og Tyskland, som har bede kommisjonen vurdere tollvern-tiltak mot Noreg.

Les også: EU-parlamentarikarar koplar ostetoll og postdirektiv

Landbruksminister Vedum møter onsdag den svenske EU-parlamentarikaren Kent Johannson frå Centerpartiet og kristendemokraten Mairead McGuinness frå Irland.

Neste artikkel

Nesten 400 personer er nominerte til Årets unge bonde