Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vedum ventar ikkje tolldiskusjon med bondeorganisasjon

Vedum ventar ikkje støtte for det norske tollvedtaket fra nokon under opphaldet i Brussel.

Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum møter i formiddag representantar for den europeiske bondeorganisasjonen Copa Cogeca og EU-parlamentarikarane Kent Johansson frå Sverige og Mairead McGuinness frå Irland - i tillegg til EUs landbrukskommissær Dacian Ciolos og visepresident og kommissær for næringsliv og entreprenørskap, Antonio Tajani.

Vedum ventar ikkje støtte for det norske tollvedtaket frå nokon. Samtalen med Copa Cogeca reknar han med vil dreie seg mest om den generelle utviklinga i europeisk landbruk.

- Vi skal snakke om den generelle situasjonen for bønder i Europa. Sjølv om det europeiske og det norske landbruket er svært ulikt, så er det nok ein del sams utfordringar begge stader kva gjeld rekruttering til yrket og kapitalkostnadar mellom anna. Blant dei tinga eg er særleg oppteken av er gjeldsoppbygginga vi ser i det europeiske landbruket. Eg vil gjerne høyre kva framtidsutsikter og utfordringar dei ser. Så få vi sjå kor opptekne dei er av dei endringane vi gjer i norsk handelspolitikk, men eg tippar det meste av tida kjem til å handle om den generelle utviklinga i det europeiske landbruket.

Om møtet med den svenske EU-parlamentarikaren Kent Johansson, som representererer Sps systerparti Centerpartiet, seier han:

Annonse

- Det vert garantert diskusjon om toll med han.- Ventar du draghjelp frå den svenske partikollegaen?

- Nei det gjer eg ikkje, for svensk landbruk slit jo veldig om dagen. Kva gjeld melkeproduksjon til dømes, så har Sverige gått frå å ha snittbruk på 60 kyr i fjor til bruk med i snitt 70 kyr i år. På eitt år altså. Det er ei valdsam strukturrasjonalisering. Eg reknar likevel med god dialog om tollen, og eg trur vi begge veit at svensk landbruk og norsk landbruk er ganske ulikt. Det svenske landbruket er langt meir eksportretta enn det norske. Han ser ikkje vekk frå at også den irske parlamentarikaren Mairead McGuinness, som han skal møte, kan ha nokre kritiske merknadar til tollsaka, sjølv om dei i hovudsak skal snakke om matmakt og arbeidet med lov om god handelsskikk.

- Eg trur uansett det er lurt å få møte folk, snakke saman og få fortalt dei kva tollvedtaket handlar om. Vi er veldig trygge på at vi har dei formelle tinga på plass frå vår side med dette vedtaket, seier Vedum.

Neste artikkel

Vil redusere nitrogenutslipp ved å kjøpe opp land