Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vedum: - Raudgrøn EØS-usemje ikkje eit trugsmål for regjeringssamarbeid

- Føremålet vårt er å diskutere korleis vi kan gjere avtalane vi har med EU betre. Vi trekkjer ikkje regjeringssamarbeidet i tvil, seier nestleiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum i Senterpartiet.

Vedum seier EØS-debatten ikkje har noko med regjeringssamarbeidet å gjere. Ap seier EØS-avtalen vert viktig òg utover 2013.

Vedum seier òg at reaksjonane frå Arbeidarpartiet etter at Sp-leiar Liv Signe Navarsete nyleg tok til orde for å greie ut om alternativ til EØS-avtalen etter 2013 har vore sterkare enn han ser grunn for.

Ber Ap slappe av

Utanriksminister Jonas Gahr Støre har til Aftenposten gjort det klart at han ser det som svært lite truleg at Ap kan regjere på ein plattform som opnar for å seie opp EØS-avtalen.

Dagens Soria Moria-erklæring slår fast at EØS-avtalen er blant hovudlinene i norsk utanrikspolitikk. Slagsvold Vedum synest Ap bør slappe litt av.

- Vi styrer jo med EØS-avtalen som grunnlag, men det inneber ikkje at vi ikkje må kunne ha ein debatt om styrkjer og svakleikar ved det som er den viktigaste avtalen vår med EU, seier han.

- Ikkje redd diskusjon

Ap-nestleiar Helga Pedersen seier Ap ikkje er redde for å diskutere EØS-avtalen.

Annonse

- Med Europautredningen som snart kjem, har vi jo sett i gang ein faktuell gjennomgang av EØS-avtalen. Det tilseier jo at vi ikkje er redde for diskusjon, seier ho.

Les også: Undersøking: Motstanden mot EØS-avtalen er dobla på eit år

Pedersen åtvarar likevel mot å tru at det går å seie opp avtalen til fordel for frihandelsavtalar.

- Det er vi heilt imot. Vi eksporterer i dag 80 prosent av varene våre til EU, og då er det viktig å ha gode rammevilkår for norske eksportbedrifter. All erfaring frå den økonomiske og finansielle uroa no er at landa vert meir proteksjonistiske. Det er ikkje noko utgangspunkt for reforhandling eller forhandling av andre alternativ enn EØS-avtalen, seier ho.

Les også: EU-diplomat gir finanskrisa skulda for aukande norsk EØS-skepsis

Les meir om saka i eavisa til Nationen for 20. desember. Ho kan kjøpast her.

Neste artikkel

Senterungdomen vil kutte EØS-midlane: – Usosialt og usolidarisk