Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vassdrag i Hardanger verna

– Det er ikkje kvar dag ein kan feire positive naturvernsaker, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Stortinget vedtok tysdag å verne Øystesevassdraget i Hardanger mot kraftutbygging. – Ein siger, seier Naturvernforbundet og Den Norske Turistforening (DNT).

Naturvernforbundet, DNT og Bergen og Hordaland Turlag har i over 30 år engasjerte seg for å verne Øystesevassdraget.

Annonse

– Vi takkar regjeringa og eit einstemmig storting som i dag gjorde det endelege og etterlengta vedtaket om å verne Øystesevassdraget. Det har vore ein lang veg fram til dette, men no føler vi oss trygge på at dette vassdraget skal få renne fritt i all overskodeleg framtid, til glede for veldig mange, seier DNTs styreleiar Per Hanasand.

Vedtaket vart feira på Miljøhuset i Oslo tysdag. Med på feiringa var klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

– Det er ikkje kvar dag ein kan feire positive naturvernsaker. Særleg ikkje i ei verda som ser ut til å gå feil veg. Det er første gong på ti år at eit vassdrag får varig vern, sa han.

Neste artikkel

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet sier nei til forbud mot sitka