Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Uviss framtid for problemstempla sitkagran

Er sitkagrana ein pøbel som tek knekken på all anna vegetasjon, eller ein god tømmer-ressurs og nyttig klimagass-slukar?

BÅDE ÒG: Sjølv om naturvernarar spår at sitkagrana vil gjere verneverdig kystlynghei om til mørke ørkenlandskap, har ho også ein nytteverdi i skogbruket. FOTO: Siri Bjoner / Skog og landskap
BÅDE ÒG: Sjølv om naturvernarar spår at sitkagrana vil gjere verneverdig kystlynghei om til mørke ørkenlandskap, har ho også ein nytteverdi i skogbruket. FOTO: Siri Bjoner / Skog og landskap

Forskingsinstituttet Skog og Landskap kjem no med ei rettleiing om sitkagran, for å kunne leggje fakta på bordet i debatten om den importerte grana som mange har sterke meiningar om. Men faktum er at dei ikkje har alle svara – enno.

– Det er ein oppheita debatt som går føre seg, og vi vil gjerne få fram det vi har av kunnskap. Samtidig er det ein del kunnskapshol på dette feltet, seier seniorforskar Tor Myking ved Skog og Landskap til Nynorsk pressekontor.

FAKTA

Sitkagran (Picea sitchensis) høyrer til granslekta i furufamilien.

Sitkagrana veks naturleg langs vestkysten i Nord-Amerika og har namnet sitt frå Sitka, den fjerde største byen i delstaten Alaska

Treslaget har vore planta ut i Noreg i nærmare 100 år, hovudsakleg i kystkommunar frå Vest-Agder opp til Troms.

I 2012 vart sitkagrana svartelista av Artsdatabanken.

Skil seg frå vanleg norsk gran ved at krona har blågrøn farge og barken er raudbrun og skjelete.

Rettleiingsdokumentet skal liggje tilgjengeleg for alle på nettsidene til Skog og landskap. Myking er klar på at forskingsinstituttet ikkje har ei haldning i denne saka, men er oppteken av å få fram det som finst av fakta, og å peike på den kunnskapen som førebels manglar.

Stiller andre i skuggen

På 60- og 70-talet var det ei storstilt utplanting av den nordamerikanske gransorten langs norskekysten. Sitkagrana skulle både verne kystområda mot vind, gi bøndene inntekter og forsyne landet med byggjematerialar. Grana treivst godt med dei røffe, våte vêrforholda langs kysten, og plantefelta vaks seg etter kvart høge og tette.

Les også: Utanlandske tre blir planta som før

Dei seinare åra har sitkaskogane vist seg å vere så mørke at dei skuggar ut fleire andre livsformer. Det har fått fleire naturvernorganisasjonar til å slå alarm om ei komande økologisk katastrofe. I 2012 var grana sett på svartelista av Artsdatabanken, ei liste som er den vitskapeleg grunngjevne oversikta over framande, uønskte artar i Noreg.

Men samtidig som han dukka opp på svartelista, har tresorten vist deg å vere ein viktig CO2-fangar. Norske sitkagraner bind i dag 600.000 C02-ekvivalentar årleg. Det er omtrent like mykje som CO2-reinseanlegget på Mongstad, det såkalla månelandingsprosjektet til førre statsminister Jens Stoltenberg, ville gjort, ifølgje Skog og landskap.

Pengesekk med to tunger

Trass i at sitkagrana vart klassifisert som uønskt av Artsdatabanken, vinglar likevel styresmaktene i synet på grana. Medan Miljødepartementet deler ut tilskot til felling av sitkaskog, deler Fylkesmannen ut løyve til planting. Skogeigarar kan då få pengehjelp frå Skogfondet eller kommunen til å plante ut meir sitkagran.

Annonse

Sidan 2012 har norske skogeigarar fått ja på 300 søknader om å plante utanlandske treslag, medan berre fem har fått avslag, skriv NRK.

Etter at ordskiftet rundt dei framande, svartelista treslaga blussa opp igjen i sommar, har Miljødirektoratet lova å ta tak i problemstillinga i haust. Då skal dei evaluere dagens praksis for å sjå om han er restriktiv nok.

Sjølv om naturvernarar spår at sitkagrana vil gjere verneverdig kystlynghei om til mørke ørkenlandskap, har ho nytteverdi i skogbruket. Sitkagrana er fullt brukbar både som konstruksjonsvirke og kledning i byggjeindustrien, ifølgje Skog og landskap.

Framtidsskogen i det blå

Den omstridde grana kan altså verte sett på både som ressurs og øydeleggjar. Forskar Tor Myking meiner det store spørsmålet i sitkadebatten er korleis grana vil spreie seg i framtida.

– Det vi veit er at sitkagrana spreier seg lite i skog, men mykje i kystlynghei og andre opne og kulturpåverka område. Samtidig veit vi lite om korleis ho spreier seg over lengre distansar. Kunnskap om både kort- og langdistansespreiing er nødvendig for å seie noko om korleis utbreiinga vil blir i framtida, seier han.

Han meiner det er ingen grunn til å tru at enkelte artar vil forsvinne på grunn av spreiing av sitka, men at den ruvande grana utan tvil vil kunne endre artssamansetjinga i eit område.

– Vi lurer på korleis effektane av framtidsskogen vil bli, og vi vil gjerne ha meir kunnskap. Vi vil gjerne gripe moglegheita til å forske på det, gjerne i lag med forskarar i land der det også er planta mykje sitka, som i Skottland og Irland.

Neste artikkel

Landbruk, klima, miljø og bruk av arealer