Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utvidar blomstergartneri for 30 millionar

Hodne Gartneri utvidar veksthuset med 9000 kvadrat for 30 millionar kroner. Det gir betre energi- og ressursbruk og rustar drifta mot import.

Gartnerisatsing: Trond Hodne (t.v.) trur investeringa vil styrke gartneriet i konkurransen. Her saman med ei av dei ti tilsette, Torunn Vaule. Ho har jobba der i 23 år og seier det nye veksthuset gjer arbeidskvardagen enklare. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Gartnerisatsing: Trond Hodne (t.v.) trur investeringa vil styrke gartneriet i konkurransen. Her saman med ei av dei ti tilsette, Torunn Vaule. Ho har jobba der i 23 år og seier det nye veksthuset gjer arbeidskvardagen enklare. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Klepp. – Det er hard konkurranse mot importblomar. Med nytt veksthus blir vi endå meir effektive på arbeid og energi, og vi vil iallfall nærme oss kostnadsnivået elles i Europa, seier Trond Hodne og viser fram endelause rekker med blomstrande ildtopp.

47-åringen er dagleg leiar og eig Hodne Gartneri AS i Klepp på Jæren saman med broren Svein. Dei er i ferd med å sluttføre investeringa på nær 30 millionar kroner, som aukar veksthusarealet med 60 prosent frå 15 til 24 mål. Hodne er godt nøgd så langt.

– Det ser bra ut. Før var det altfor trongt. Vi treng plass for å lage god kvalitet og vi må prøve å ligge på forskot. Vi må vere klar med areal når marknaden er der, elles tar andre salet, seier Hodne.

Hodne Gartneri AS

Mill. kr 2016 2015

Salsinntekter 18,6 17,1

Driftsresultat 0,9 0,9

Res. før skatt 0,9 0,8

Eigenkapital 2,2 1,9

Eigenkapitaldel 27,5% 26,5%

Produkt/teneste: Blomsterproduksjon i veksthus på nå 24.000 kvm. Kapasiteten aukar frå 1,6-1,7 mill. til 2,5-2,7 mill. plantar pr. år, der vel 90% er blomen ildtopp.

Tilsette: 10 på heilårsbasis pluss sesonghjelp.

Eigarar: Trond Hodne (50%) og Svein Hodne (50%).

Les også: Ekstra skattesmell for tilleggsnæringar og gartneri

Millionvekst på blomar

Med utvidinga vil kapasiteten ifølgje Hodne auke frå rundt 1,6-1,7 millionar til mellom 2,5 og 2,7 millionar plantar årleg. Over 90 prosent av produksjonen er av blomen ildtopp, der storparten av salet er i daglegvarebutikkar via grossisten Blomsterringen.

Tollvernet, som er på 72 prosent for ildtopp mot EU, er ifølgje Hodne avgjerande for investeringa. Han seier importprisen langt på veg styrer prisnivået. Svekka kronekurs siste åra har gjort utvidinga av gartneriet dyrare, men er gunstig for prisen Hodne kan få for blomane.

– Importvernet betyr veldig mykje. Vi er letta over at utvidinga av tollfrikvoten til EU ikkje slår inn for ildtopp, seier Hodne.

Les også: Gartnarforbundet fryktar utradering av norske grøntplantar

Hodne vedgår at ei investering på nær 30 millionar kroner er eit stort steg for gartneriet.

– Vi er optimistiske og meiner det skal og bør vere plass for norske blomar framover. Folk ønsker kortreiste varer, seier han.

Les også: Regjeringa ofra blomar for å verne lam og sau

«I ei grøn næring ønsker vi å vere så klimanøytral som mogleg og bevisste på miljøet»

Trond Hodne (47), gartnar og medeigar i Hodne Gartneri
Annonse

Gartneriet har 10 fast tilsette på heilårsbasis. Hodne fortel at to blei tilsett i fjor og det kjem ein til i februar, i tillegg til sesonghjelp.

Store energi- og CO2-kutt

Investeringa gir store innsparingar i energi- og ressursbruken til gartneriet. Innsparinga er ifølgje Gartnerforbundet på over 1,7 millionar kilowattimar (kWh), noko som svarar til straumforbruket til 85 husstandar. I tillegg kjem ei innsparing på over 350 tonn CO2 i året, ifølgje energirådgjevar Anders Sand.

Betre isolering og bygging av buffertank for å lagre restvarme på dagtid til bruk om natta skal gi 1,1 millionar kilowattimar i innsparing. Det gir ifølgje Sand 26 prosent i energikutt. Meir effektive lys, som sparer 30 prosent målt mot det som var vanleg for 10 år sidan, kjem på toppen.

– Der er òg 660.000 kilowattimar i reduksjon, seier Sand.

Hodne Gartneri kjøpte før inn CO2 til bruk som vekstgass eller gjødsel for plantane. I det nye anlegget skal CO2-en gjenbrukast frå varmeproduksjonen.

– Gjenbruk av CO2 gjer at gartneriet nå har nok sjølv. Det sparer samfunnet for iallfall halvparten eller opp mot to tredelar, seier Sand, som viser til at det gir eit kutt på minst 350 tonn CO2 i året.

Hodne har fått rundt 600.000 kroner, rundt 30 prosent av investeringa, i støtte frå Enova til utbygginga av buffertank.

Les også: Sterk nedgang i CO2 frå veksthus

Gartneriet resirkulerer og gjenbruker òg gjødsla i avrenningsvatnet, noko som gir mindre behov for å kjøpe inn ny gjødsel. Anlegget blir i tillegg sjølvforsynt med vatn ved oppsamling av regnvatnet frå taket. Hodne reknar med at forbruket på 5500 kubikkmeter vatn i året kan gå ned til omtrent null.

– Vi investerer ein del millionar i betre løysingar for miljø- og ressursbruk. I ei grøn næring ønsker vi å vere så klimanøytral som mogleg og bevisste på miljøet. Vi trur også det vil løne seg økonomisk på sikt, seier Hodne.

Neste artikkel

For første gang siden 2008 er utenlandsk hvete dyrere enn norsk – forventer økte priser i Norge