Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulvik får Nordens første lokalmatutdanning

I haust kan 25 elevar fordjupe seg i faget «lokal matkultur» på Hjeltnes i Ulvik, fortel NRK. Dette er den første yrkesutdanninga i lokalmat i heile Norden.

Eit variert utval av norsk lokalmat, her frå messa Grüne Woche. Foto: Hilde Lysengen Havro

– Dette er stort for Hjeltnes og Ulvik, men også for matfylket Hordaland som er stor på lokal mat, seier Andrid Solaas Innset, fagleg ansvarleg på Hjeltnes for fagskulane i Hordaland til NRK.

Ho meiner det er på tide at eit slikt studium startar opp i Noreg.

– Vi har både behov og etterspurnad, og det er viktig for kokkar og andre som driv innan yrket å få meir kunnskap og byggje på utdanninga.

Les også: Bønder samarbeider om salg av mat på nett

Nettstudium

Annonse

I første omgang vert utdanningsløpet gjennomført som nettstudie over tre år. Men sjølv om studiet er nettbasert, skal elevane møte på seks vekesamlingar kvart studieår på den gamle gartnarskulen på Hjeltnes.

– Gjennom studiet skal dei få lære om produksjon og prosessar knytt til råvarer og korleis dette påverkar kvalitet og smak på produkta, fortel Innset.

Elevane skal gjennom heile spekteret av mat og drikke, både kjøt, fisk, ost, frukt og grønt.

©NPK

Les også: Skaper unge dølabønder om til gardsmatgründere

Neste artikkel

Småbrukarlaget: – Feil å sette ned kvota