Det er reiarlaget Otto Offshore Ltd. i Singapore som skal ha skipa, som alle skal leverast i 2016.
– Ulstein blei vald som designar for denne siste flåtefornyinga etter ein grundig analyse av marknaden og behova til kundane våre i framtida. Vi ser fram til å få dei fire nye ulsteinfartøya i flåten vår tidleg i 2016 for å setja dei i arbeid over heile verda, seier konsernsjef i Otto Marine – som Otto Offshore er ein del av.
Etter denne kontrakten har Ulstein til saman selt tretti såkalla PX121-design for plattformforsyningsfartøy.
– Designa våre blir godt mottekne, noko som mellom anna kan forklarast ved at vi har vårt eige verft der prototypane, slik som PX121-skipa, blir bygde. Vi kan ta med oss kundane til Ulstein og visa fram ein komplett innovasjonssyklus på staden, heilt frå konseptteikningar til førsteklasses offshorefartøy, seier visekonsern og leiar for marknad og innovasjon i Ulstein Group Tore Ulstein.