Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Udemokratisk prosess i helseregion vest?

Fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane uttrykte stor otte på fylkestinget i Loen for mangel på demokrati i prosessen med å gjennomføra nye helseføretak i helseregionen på Vestlandet.

Sandal er også vonbroten over at Sosial- og helsedepartementet ikkje har vist interesse for å nytte seg av den politiske og administrative kompetansen som er i fylket når det gjeld å planleggja og administrera helseføretak.

Fylkesordføraren fekk brei støtte i debatten etter talen. Harald Lindvik frå Venstre sa det slik; Vi får ikkje betre helse i Sogn og Fjordane fordi om vi flytter helseadministrasjonen frå Leikanger til Førde og Stavanger.

Annonse

Kristi Eklund frå SV meinte at det no blæs opp til storm når neste store sak om regionalisering av Statens Vegvesen kjem opp. (NPK)

Neste artikkel

I Narvik er 5 av 16 faste legevaktlegar tekne ut i streik