Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trygve Slagsvold Vedum vart kasta ut frå restaurant i Mathallen i Oslo

Usemje om synet på dei komande tollendringane for ost førte til at restaurantkonge Jan Vardøen ikkje ville ha landbruks- og matministeren på besøk.

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum stod for den offisielle opninga av Mathallen på Grünerløkka 12. oktober. Då hadde regjeringa alt meldt om endringar i tollvernet for fleire osteslag. Det førte til ein noko kald velkomst då Vedum under omvising i Mathallen kom til Jan Vardøens restaurant, der det skal ha utvikla seg ein diskusjon mellom Vedum og Vardøen, og der Vardøen til slutt utviste Vedum frå sin restaurant.

Vardøen stadfestar han ikkje ynskte landbruksministeren på besøk.

- Det stemmer. Det var ei spontan greie.

- Stemmer det at du kasta landbruksministeren ut frå restauranten din?

- Det er ikkje så langt frå sanninga, seier Vardøen.

Sterk ordbrukStatsråden stadfestar han på omvisinga i Mathallen ikkje vart så lenge hos Vardøen.

- Det var hyggjeleg å treffe han, men eg skjønte fort at han har eit noko anna syn enn meg i spørsmålet om me skal ha norsk landbruk eller ikkje, seier Vedum.

Se også: Bildeserie frå Mathallen

Vedum seier Vardøen nytta «litt sterkare ord enn vanleg», og at Vedum til slutt «valde å gå».

- Eg bruker ikkje tid på denne typen oppførsel. Det skjedde der og då, og livet er for kort til å dvele ved det. Det var ein hyggjeleg fredag ettermiddag, seier Vedum.

Vardøen seier det var endringane i tollsatsane frå 1. januar neste år som fekk han skuffa og sint.

- Regjeringa føreslår i statsbudsjettet 2013 å gå over frå kronetoll ?til prosenttoll på enkelte typar ost, lammekjøtt og biffilet.

Annonse

- Me hadde peikepinnar til ein diskusjon. Eg forstod ikkje kvifor Vedum var på Mathallen, og gav uttrykk for det. Mathallen er ein stad der norske småbrukarar kan distribuere varene sine. Mathallen er eit vasskilje i norsk matkultur, og så byrjar Senterpartiet med bakstreverske tiltak. Sp er motstandarar av nisjeproduksjon, og dei smykkar seg med det berre når det passar dei, seier Vardøen.

Usamde om tollendringarVardøen eig fleire restaurantar i Oslo, mellom anna Grünerløkka brygghus og Hotel Havana som er representert i Mathallen. Han importerer ost sjølv og, seier det ikkje handlar om å verdsetje utanlandsk ost høgare enn norsk ost. Han seier han er heilt med på argumenta om å beskytte den norske bonden.

Les også: Danmark droppar ostekrig

- Eg ynskjer mangfald og fleire norske ostar. Me er i godt driv, og har mange små og gode ysteri. Tiltak som dette frå Sp fører til attendesteg. Senterpartiet kan ikkje lovfeste kva ostar folk skal eta. Det er direkte udemokratisk. Sp er ikkje eit parti, men ein gjeng lobbyistar for storkapitalen. Vedum er kjøpt og betalt, seier Vardøen.

- Det er tull. Vardøen må gjerne bli med ut i distriktet og sjå kva norsk landbruk er. Storkapital er ikkje noko som pregar norsk matproduksjon. Storkapitalen finn du meir av i nokre kilometers omkrets frå restaurantane til Vardøen, seier Vedum.

Smått avhengig av stortVedum seier tollendringane er nødvendig for å sikre den norske volumproduksjonen i landbruket, og at småskalaprodusentane er heilt avhengig av ein aktiv landbrukspolitikk inkludert tollvern.

Les også: Vedum skuldar opposisjonen for propaganda om ostetoll

- Under opninga i Mathallen delte eg ut spesialitetsmerke til Lofotlam og Høgfjellslam frå Gudbrandsdalen. Dei norske spesialitetane og småskalaprodusentane ville ikkje vore der om det ikkje hadde vore landbruksproduksjon rundt om i Noreg. Gjennom vår politikk legg me til rette for valfridom og mangfald, med basis i norske råvarer. I tillegg er utanlandsk spesialost sikra med unntak i tollendringane, seier Vedum.

Vardøen seier det førebels er uvisst kva dei økonomiske konsekvensane blir, men at ostar kan bli 300 prosent dyrare å importere.

- Me importerer 65 tonn i året, og har ein frikvote på 2,8 tonn. Det verkar som at Sp prøver å gjera det mest mogleg vanskeleg å importere. Samstundes seier dei at det ikkje blir mindre mangfald, og heller ikkje auke i pris. Då lurer eg på kvifor endringane kjem, seier Vardøen.

Neste artikkel

Overrasket over Arlas «smørinntog» i Norge: – Det er grunn til bekymring