Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trur sentrum får drahjelp av Borten Moe

Marsmålinga gir Sp, KrF og Venstre 16 stortingsplassar til saman. Knut Arild Hareide (KrF) håper Ola Borten Moe (Sp) sin inntreden i regjeringa kan binde sentrum saman.

På marsmåling Norfakta har gjennomført for Nationen og Klassekampen har Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre 12 prosent oppslutning. Ved val i dag ville dei tre partia delt på 16 stortingsplassar.

Det står i grell kontrast til då sentrumskameratane regjerte for elleve år sidan, med 26,1 prosent oppslutning og 42 representantar på Stortinget.

Gir blokkene skulda

- Sentrum slit. Vi taper på at dei to store blokkene får merksemda, seier leiarkandidat Knut Arild Hareide i KrF.

Han meiner dei tre sentrumspartia har alt å vinne på å samle seg til ei politisk eining og rette opp att sentrum som politisk tyngdepunkt.

Hareide understrekar at han respekterer Senterpartiet si rolle i den sitjande regjeringa. Samstundes registrerer han med glede at Ola Borten Moe (Sp) vert del av den same regjeringa.

- Den inntredenen er positiv for sentrum. Ola Borten Moe står for mykje av dei tradisjonelle sentrumsverdiane og i regjering kan han skape ekstra truverde for sentrumspolitikken, seier Hareide.

Ung strategi

Også partileiaren til Borten Moe er nøgd med å ha han som fersk statsråd.

- Eg er optimistisk på vegner av partiet. Vi får ein ung nestleiar og innsetjinga av Ola Borten Moe som statsråd er del av strategien eg har for å utvikle partiet, seier Liv Signe Navarsete.

Ho tenkjer derimot ikkje på Borten Moe som ein som skal redde sentrum i norsk politikk.

- Eg og Ola er på linje i politikken. Han og partiet jobbar for dei sakene vi meiner er viktig og mykje av det handlar om tradisjonelle sentrumssaker, seier Navarsete, og viser til berekraftig forvaltning, desentralisering, langsiktig tenking og familieverdiar.

Annonse

Sp-leiaren er einig med Hareide i at eit slagkraftig sentrum er viktig i norsk politikk.

- Forsvinn sentrum vil mange grupper miste røsta si i politikken. Vi må sørgje for ordskifte kring sentrumspolitikken, og det får vi gjennom å vere i posisjon og skape resultat, seier Navarsete.

Sentrumsforum

I fjor haust vart «Forum for sentrumspolitikk» teken opp att. Då hadde det lagt brakk sidan starten av tusenåret. Nestleiar Margaret Hillestad i Oslo Senterparti var ein av initiativtakarane.

- Nok ei dårleg måling for sentrum. Kva kan partia gjere?

- Dommedagsprofeti for sentrumspartia er ikkje nytt. Som aktiv i Oslo Sp er eg vand med låge målingar, så det affekterer meg ikkje, seier Hillestad.

Då er ho meir oppteken av kva sentrumspartia har til felles.

- Vi må profilere sentrum gjennom å vere annleis og motkrefter. Det er rom i politikken for det, seier Hillestad.

Ho trekk spesielt fram potensialet som ligg i frivillig sektor.

- Det herskar eit politisk vakuum kring dette feltet. Eg synest verken Ap eller Høgre tar frivillig sektor på alvor. Sentrum kan verte eit talerør for dei mange som engasjerer seg på frivillig basis.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død