Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trur på vassdrag utan parasittar

Ny rotenonbehandling gjer at elveeigarar i Rauma føler seg trygge på at lakseparasitten i elvane deira skal forsvinne ein gong for alle.

I fleire tiår har lakseparasitt øydelagt mange norske lakseelver, også Rauma og sju andre vassdraga inst i Romsdal. Her er Innfjorden i Møre og Romsdal. Foto: Colourbox
I fleire tiår har lakseparasitt øydelagt mange norske lakseelver, også Rauma og sju andre vassdraga inst i Romsdal. Her er Innfjorden i Møre og Romsdal. Foto: Colourbox

– Eg er trygg på at dette kjem til å gå bra, seier Vidar Skiri til NRK. Han er talsmann for grunneigarane i dei åtte vassdraga som no skal behandlast for andre gong.

– Denne veka skal vi avslutte arbeidet med å bli kvitt parasitten. Då skal vi over i den positive oppbyggingsfasen for alle elvar som har vore infiserte her i kommunen, seier Vidar Skiri.

Kom tilbake

I fleire tiår har Gyrodactylus salaris øydelagt mange norske lakseelver, også Rauma og dei sju andre vassdraga inst i Romsdal. Det har blitt gjort forsøk på tiltak tidlegare, men parasitten kom tilbake etter behandlinga med gifta rotenon.

Betre kunnskap

No er kunnskapen og ressursane mykje betre, og i fjor starta ei ny behandling av Rauma i regi av Veterinærinstituttet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Då blei alle vassdraga i området grundig behandla med rotenon, som tok knekken på all laksen og auren i elvane i området. Denne veka startar andre runde, som inneber ei ny behandling med rotenon av like stort omfang som i fjor.

Stor optimisme

Annonse

No er den ein overveldande optimisme om at ny rotenonbehandling av Rauma skal friskmelde vassdraget for godt.

Årsaka til den store optimismen er gladmeldingane som tikka inn frå Steinkjer i Nord-Trøndelag i førre veke. Der er det like før ein friskmelder heile Steinkjervassdraget frå parasitten som har øydelagt laksen dei siste åra.

Neste artikkel

Lusebekjempelse en stor påkjenning  for laksen