Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trur på elbil, men vil ikkje kjøpe sjølv

Halvparten meiner ein elbil vil dekkje transportbehovet deira. Men det betyr ikkje at vi kjem til å velje elbil når vi skal kjøpe bil.

52 prosent av dei spurte i Sentio-undersøkinga svarar at det er uaktuelt for dei å kjøpe elbil dei næraste to åra. 35 prosent av dei spurte kan sjå for seg elbil som bil nummer to, 13 prosent kan sjå for seg elbil som hovudbil i familien.

Mest nei i nordMotstanden er størst i Nord-Noreg, der 66 prosent svarar blankt nei på spørsmålet om dei vurderer elbil som eit alternativ dersom dei skal kjøpe ny bil i løpet av dei to første åra. Sjølv i Oslo/Akershus, der prosentvis flest svarar at dei meiner elbil er eit alternativ, er det 45 prosent som ikkje vurderer elbil som alternativ i det heile.

I Miljøstiftinga Zero seier dei det handlar om å informere. - Folk må få vite kva alternativet elbil faktisk inneber, seier teknologisk rådgivar Benjamin Myklebust.

For å gjere det lettare for interesserte har Zero samla informasjon på nettstaden klimabiler.no

Myklebust seier mange framleis ser for seg dei bittesmå første elbilane som kom, Buddy og Think, når det er snakk om elbil. - Ikkje minst når det gjeld tryggleik. Men utvalet av bilar er blitt større, og i løpet av året vil endå fleire bilmerke kome med elbilar, og det blir fleire typar bil å velje mellom.

Mitsubishi stod for 46 prosent av det norske elbilsalet i fjor med sin i-MiEV.- Rekkjevidda er ei utfordring som er heilt reell for elbilen, seier Myklebust. Det er ikkje alltid 10-15 mil dekkjer behovet.

- Men når vi får bygd ut fleire hurtigladarar, blir rekkjevidda nesten dobla.

Ein hurtigladar er ein ladestasjon som på rundt 20 minutt ladar opp ein elbil. Ved lading gjennom det vanlege straumnettet må bilen gjerne stå over natta for å bli fullada.

I dag finst det i underkant av 20 hurtigladarar her i landet, i løpet av kort tid kjem det rundt 50 til.

I 2011 vart det registrert 2292 elbilar i Noreg

Annonse

Ventar endringI Transnova, Samferdsledepartementet sitt prosjekt for å redusere CO2-utsleppa frå transportsektoren. seier seniorrådgivar Tom E. Nørbech at det er rekkeviddeangst som gjer at så mange ikkje vurderer å kjøpe elbil.

- Vi må hugse på at elbilisme framleis er tidleg i utviklinga. Men i løpet av dei næraste åra vil fleire sjå elbil som eit reelt alternativ, seier Nørbech.

- Vi har veldig gode ordningar for elbilistane i Noreg. Og utbygginga av hurtigladarar vil gjere mykje for korleis folk ser på elbil som alternativ.

Undersøkinga frå Sentio vart gjort på oppdrag av Profero, som er eit lokalt utviklingsselskap med base i Surnadal.

Må utfordre bybiltenkninga- Det har vore nærliggjande å tenkje på elbil som eit byfenomen. Vi vil utfordre den tenkinga. seier dagleg leiar Gisle Bakkeli i Profero.Undersøkinga viste at 33 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal ser for seg elbil som nummer ein- eller nummer to-bil i familien.

- Sjølv utan hurtigladarar kjem du deg fram mellom tettstader og i bustadområda rundt dei store byane. Med hurtigladarar og dei nye bilane er det råd å kjøre mellom byane også. Med ei hurtiglading er det råd å køyre mellom Kristiansund og Trondheim med elbil, ei strekning på rundt 24 mil.

- Vi ser for oss hurtigladar i nærleik av servicestasjonar, slik at folk kan ta seg ein kopp kaffi medan dei ladar bilen, seier Bakkeli.

- Det skal ikkje mykje til for at vi skal kunne køyre elbil i regionen, og det gjeld å vise moglegheita, seier Bakkeli.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død