Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Treng lort etter jerv til forskinga

Etter nyttår startar den årlege innsamlinga av skit og hår frå jerv.

Frå 1. januar til 1. juni vil Rovdata gjerne ha hjelp frå publikum til å samle inn jervelort til forsking. Foto: Mostphotos

Folk blir oppfordra til å levere prøver av hår og ekskrement frå jerv dei finn i skog og fjell til Statens naturoppsyn (SNO).

Dei innleverte prøvene blir DNA-analyserte av Rovdata, som brukar resultata til å overvake jerv i Noreg.

– Vi kan gjennom analysane fastslå om den innsamla prøven er frå jerv, om individet er kjent frå tidlegare, storleiken på reviret og slektskap. Dette er viktig informasjon for overvakinga og for kartlegging av bestanden og utviklinga over tid, seier Øystein Flagstad, genetikar i Rovdata, i ei pressemelding.

I haust opna rovviltnemndene for felling av 113 jerv i lisensjakta.

Ta med pose

Innsamlinga av biologiske prøver startar 1. januar 2018 og varer fram til 1. juni. Skal du ut på tur i skog og fjell på nyåret oppfører Rovdata deg til å ha med nokre reine plastposar i lomma for opplukking av prøver.

«Vi ønskjer å ta imot alle prøver som de finn i nærleiken av eit jervespor.»

Annonse

– Vi ønskjer å ta imot alle prøver som de finn i nærleiken av eit jervespor. Ha gjerne plastposen klar i lomma når du drar ut og bruk han til å plukke opp jerveskiten. Ikkje ta direkte på skiten, men vreng posen rundt prøven, slik du ville gjort med ein hundeskit, og knyt igjen. Husk: berre ein skitprøve per pose. Frys ned skitprøven når du kjem heim fram mot overlevering, forklarer Flagstad.

• Les også: Meiner jerv står bak «massakre» på sauebeite

Legg hår tørt

Hårprøver kan også oppbevarast i ein pose under turen, men bør leggjast over i ein tørr konvolutt når du kjem heim. Det er viktig å hugse på at hårprøver ikkje skal frysast ned.

Prøvene må også vere merka med namn på finnar, og informasjon om funnstad, funndato, kommune og kartreferanse.

Neste artikkel

Miljødepartementet reagerer sterkt på utspill fra Bondelaget: – Det er helt feil