Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tre av fem er nøgd med breibandshastigheita der dei bur

62 prosent er nøgd med hastigheita på breibandet der dei bur, viser ei undersøking Sentio har gjort for Nationen. Sør- og vestlendinger er mest nøgde.

62 prosent er nøgde med breibandshastigheita der dei bur. Det syner ei undersøking Sentio har gjort for Nationen. 36 prosent seier dei er svært nøgde, og 26 prosent er noko nøgd.

Sjå grunnlagstala frå undersøkinga her.

For to år sidan spurte me kor nøgd folk var med breibandstilbodet på heimstaden. Då svarte 72 prosent at dei var svært nøgd eller noko nøgd med tilbodet. 51 prosent svarte dei var svært nøgd. Det er markant fleire enn dei som er nøgd med hastigheita.

Endra bruk

Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medier i IKT-Norge, seier det er ikkje er uproblematisk å samanlikne svara frå 2011 og 2013, sidan spørsmåla ikkje er heilt like, men at det likevel er mogleg å lese noko ut av dei to tala saman. Ifølgje Waterhouse har bruken endra seg den siste tida.

- Folk har fått ei aukande forventning til hastigheit. Me brukar internett meir og annleis, spesielt har det kome fleire forbrukartenester på nett og då blir kravet til hastigheit større, seier Waterhouse.

Les også: Digiutvalget krever mer fart på utbygging av bredbånd i distriktene

Når folk blir spurt om breibandstilbod, seier Waterhouse dei kan ha svart på fleire ulike ting.

- Nokre seier nok dei er nøgd med tilboda som finst, andre svarar at dei er nøgd med produktet dei har valt, medan andre seier dei ønskjer seg ei betre pakke, seier han.

Statssekretær Eli Blakstad (Sp) i Kommunal- og regionaldepartementet seier det er skilnad på kor villige folk er til å betale for høghastigheitsbreiband.

- Mange stader er tilbodet større enn etterspurnaden, seier ho.

16 prosent seier dei er misnøgd med breibandshastigheita.

Les også: Dårleg utbygd breiband bremsar distriktsbedrifter

- Undersøkinga syner at det er langt fleire som er nøgde med breibandet enn dei som er misnøgde. Det er me glade for, seier statssekretær Tone Toften (Ap) i Fornyingsdepartementet.

Annonse

- Det tydelegaste me kan lese ut frå undersøkinga er at folk ønskjer større hastigheit, seier Waterhouse.

Det kan spesialrådgivar Guttorm Haugan i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE) stadfeste.

Sidan 2009 har selskapet bygd ut fiber i fylket, også til dei ikkje-kommersielle områda. Det har blitt kalla bygdefiberprosjektet.

- Det folk meinte var bra for eit par år sidan, held ikkje mål i dag. Før var ein nøgde med god linje for å laste ned, men i dag er det vel så viktig å kunne laste opp, seier han.

Regionale skilnader

Undersøkinga syner at folk på Sørlandet og Vestlandet er dei som er mest nøgd med hastigheita.

- Både i sør og i vest er det bygd mykje fiber, så det er nok ein samanheng, seier Waterhouse.

Folk i Midt-Noreg er dei som er minst nøgd med hastigheita. Det trur Waterhouse er tilfeldig.

Les også: Ordførarar i små distriktskommunar krev skikkeleg breiband

- I Trøndelag har det blitt bygd mykje. Me byggjer mykje i klynger i Noreg. Det tyder at breibandet kan vere veldig bra i områder, men mykje dårlegare få kilometer unna. Det er lokale skilnader som råker små geografiske områder, seier han.Haugan i NTE seier Nord-Trøndelag plar kome godt ut på dekningsundersøkingane.

- Mange har god dekning, men ein skal ikkje så veldig langt ut før kapasiteten vil vere ujamn, seier han.

I Nationens e-avis eller i papirutgåva for mandag 18. februar kan du også lese at nokre kommunar er betre enn andre på å tilretteleggje for breibandsutbygging. Ein av dei betre er Namsskogan, kor kommunen sørga for fiberbreiband til alle.

Neste artikkel

Grusveiene på Reinøya har gått fra verre til verst: – Vi har tømt ut melken for fjerde gang