Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tollfritt for 8 av 10 ostar frå utlandet

Etter at tollfrikvoten med EU blei auka med 2700 tonn frå nyttår, ligg det an til at over 83 prosent av fjorårets osteimport kan bli tatt inn utan toll i år.

Regjeringa vurderer å styrke tollvernet for blant anna ost etter sterkt press frå landbruket. Blir det resultatet vil den styrka tollen i mindre grad dempe dagens import, ifølgje forskar.

- Mesteparten av osten som blei importert i fjor kan i år importerast tollfritt, sidan tollfrikvotane er auka. Mangfaldet av importerte spesialostar kan halde fram i butikkhyllene. Styrka tollvern vil ha mest å seie for om veksten i ostemarknaden framover skal dekkjast med norsk mjølk, eller med mjølk frå EU, seier prosjektleiar Torbjørn Tufte i Landbrukets Utredningskontor (LU).

Vil tøyle importvekst

Bondeorganisasjonane har stått saman med store delar av industrien og fagforbunda i landbruket i kravet om styrke tollvern.

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier styrka importvern i stor grad handlar om å sikre marknadsgrunnlaget for norsk landbruk i framtida.

- Alt av spesialostar og storparten av dagens osteimport kan importerast tollfritt gjennom kvotane med EU. Vårt krav om styrka toll handlar om å sikre at veksten i importen ikkje skal vere ute av kontroll, seier Bjørke.

Mesteparten utan toll

Den samla osteimporten var på 10.900 tonn i fjor, ein oppgang på over 13 prosent frå året før. Danmark står bak over 40 prosent av osten som blir importert til Norge. Statens landbruksforvaltning (SLF) stadfestar at storparten av osteimporten kan halde fram tollfritt, uavhengig av om ostetollen blir styrka av regjeringa.

Les også: Import av storfekjøt, ost og yoghurt har erstatta 3500 norske bønder

- Ein stor del av osteimporten kan takast inn tollfritt etter at tollfrikvoten blei auka i vinter. Nøyaktig kor stor del det blir i år veit vi derimot ikkje før året er omme, seier seksjonssjef Harald Moksnes Weie i SLF.

10.900 tonn ost blei importert i fjor, opp over 13 % frå året før.

Annonse

Den tollfrie importkvoten frå EU vart auka frå 4500 tonn til 7200 tonn ost frå nyttår.

Om total import og voluma som blir importert tollfritt under ordninga med utanlandsk bearbeida ost blir omtrent som i fjor, vil over 8 av 10 ostar kunne passere grensa utan toll stadfestar SLF.

Toll kan stoppe importvekst

Sjølv om styrka tollvern vil ha avgrensa effekt for dagens osteimport, vil ei omlegging av tollvernet ifølgje Tufte kunne ha stor effekt framover. Osten som blir tatt inn til ordinær toll blir i dag ilagt ein fast kronesats som har vore uendra sidan 1995.

- Tollsatsen har vore uendra på same kronebeløp sidan 1995. Etter den tid har kostnadsnivået i Norge auka kraftig og kroneverdien har styrka seg. Tollvernet er dermed langt svakare i dag og vernet fungerer ikkje lenger etter intensjonen, seier Tufte.

Les også: Danmark signaliserer auka tollpress

Han viser til at Norge etter WTO-reglane fritt kan velje den tollforma som gir best vern. For marknadsgrunnlaget til norske bønder kan eit fungerande tollvern vere avgjerande.

- Over halvparten av mjølka frå norske bønder går til osteproduksjon, og mjølk er ryggrada i norsk landbruk. Om veksten i osteimporten held fram vil grunnlaget for ein viktig del av landbruket skrumpe inn, seier Tufte.

Neste artikkel

Truer med rettssak for å få femdoblet import av halalkjøtt