Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Toll avgjorde jordbruksoppgjøret i 2010

Omlegging av mjølketollen redda i land ein avtale i jordbruksoppgjeret i 2010. I år har mange aktørar fremja krav om særleg styrka ostetoll.

Etter nær tjue år med fast kronetoll har pris- og kostnadsveksten innhenta tollvernet på ei rekkje matvarer. Importen av sentrale jordbruksvarer aukar kraftig og svakt tollvern hindrar bøndene i å få betre betalt for matvarene.

Støre greip inn

Også i 2010 var jordbruksoppgjeret nær ved å ende i brot. Sidan regjeringa i innspurten blei med på å leggje om tollen frå krone- til prosentsatsar på konsummjølk, vart Bondelaget likevel med på ein avtale. Den gongen skal utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) ha spelt ei viktig rolle for å få gjennomslag for tollgrepet.

- Det er vanskelege avvegingar. Men det ligg godt innanfor det handlingsrommet vi har i forhold til internasjonale forpliktingar, sa Støre til Nationen i 2010.

Les også: Betre tollvern hadde fått bøndene til å forhandla

Fleire departement skal ha vore imot, og Støre skal ha sagt at ein slik måte å styrke tollen ikkje er ein farbar veg vidare.

Annonse

Tollgrepet i 2010 skal ha ført til at handelsaktørar la planar om mjølkeimport på is samtidig som det bidrog til at prisen som bøndene får for mjølka kunne aukast.

Krav om styrka ostetoll

Tollen er uendra for andre varer og importen av meierivarer auka med 22 prosent frå 2010 til totalt 27.750 tonn i fjor, ifølgje Statens landbruksforvaltning (SLF).

LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) sa i ei pressemelding i april at svakt tollvern på ost undergrev norske arbeidsplassar. Dei seier spesialostar kan importerast på store tollfrikvotar.

- Vi ønskjer mangfald og breitt utval, men at det blir importert store mengder ost som alt blir produsert i Norge er urimeleg, seier forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i NNN.

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger